Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 109, Firefox (Android) 109, QQ browser 13.1, UC browser 13.4, Android WebView 109, Baidu 13.18, Chrome 109, Chrome 108, Chrome 107, Edge 109, Edge 108, Edge 107, Firefox 109, Firefox 108, Firefox 107, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.2, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 16.0, Safari/Chrome (iOS) 15.6, Safari/Chrome (iOS) 15.5, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 73, Opera 94, Opera 93, Safari (MacOS) 16.3, Safari (MacOS) 16.2, Safari (MacOS) 16.1, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 19.0, Samsung 18.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Rammeavtalen for trykkeri utgår

Frå 1. september 2021 opphøyrer rammeavtalen som KHiO har for trykkeritenester. Det betyr at ein ikkje lenger er forplikta til å bruke eitt bestemt trykkeri, men kan velje blant fleire tilbydarar. Dei som etterspør eksterne trykkeoppdrag bør innhente fleire tilbod.

I perioden 2019-21 har KHiO hatt rammeavtale med firmaet Bodoni for trykkeritenester i ein felles avtale med AHO, NMH og NiH. I avtalen låg det moglegheit for forlenging i ytterlegare to eittårsperiodar, noko KHiO no altså har fristilt seg frå. KHiO ligg under terskelverdien på 1,3 millionar kr for innkjøp som utløyser krav om rammeavtale. Eit tilleggsmoment har vore at firmaet, som vann anbodskonkurrasen, har prissett oppdraga til ein langt høgare pris enn det som vart førespegla i anbodskonkurransen.

Skal du trykke noko eksternt?

Det er framleis eit mål at trykkerioppdrag vert gjort til lågast mogleg kostnad. Den som skal tinge trykkeoppdrag bør difor innhente fleire tilbod parallelt og velje det billegaste, dersom leveransen held den kvaliteten som er etterspurt.

Internt kan kommunikasjon hjelpe deg med slike oppdrag, ta kontakt med Even Onsager eller Unn Bjørge.

Kva er ei rammeavtale?

Ei rammeavtale er ei avtale mellom éin eller fleire oppdragsgivarar og éin eller fleire leverandørar som har til formål å fastsette kontraktsvilkåra for dei kontraktane som skal inngåast i løpet av den perioden rammeavtalen varer. Som regel skjer inngåing av rammeavtale etter ein føregåande konkurranse utlyst i Doffin.

Det statlege regelverket for innkjøp pålegg statsinstisjonar å inngå slik avtale når den totale summen overstig eit beløp, ein såkalla terskelverdi.

Rammeavtaler på KHiO

KHiO har per i dag følgjande rammeavtaler:

  • Vikartenester: Manpower AS
  • Kontorrekvisita: Maske AS
  • Cateringtenester: Gastro Catering AS, Elvebredden Catering AS og Rokkekokker
  • Reisebyråtenester: Berg-Hansen Reisebureau AS
  • Bedriftshelsetenester: Synergi Helse AS Avfallshåndtering/avfallshenting: Stena Recycling AS

Tilsette og studentar er altså pliktige å bruke desse leverandørane for denne typen tenester når det er KHiO som betaler for oppdraget.
I tillegg til desse avtalene finst også nokre andre avtaler, til dømes for telefoni, som det offentlege har inngått for heile UH-sektoren.

Intranett finn du meir informasjon om innkjøpsregelverket i staten og oversikt over kven i fellesadministrasjonen som kan hjelpe deg om du har spørsmål.