Kunstsamlinga – kva skjer?
KHiO skal starte eit arbeid for å fysisk sikre kunstsamlinga av gamle elevarbeid frå Statens kunstakademi og også ta stilling til korleis kunstverka best kan forvaltast i framtida.
Lagnaden til den gamle samlinga har fått ny aktualitet etter at nettavisa Khrono publiserte artikkelen «Den glemte kunstsamlingen» etter i lengre tid ha arbeidd med research og å få innsyn i kva som har skjedd med samlinga som består av innkjøpte elevarbeid frå tidlegare Statens kunstakademi.
Til Khrono seier fungerande direktør Pål Stephensen mellom anna:
– Vi har åpenbart en jobb å gjøre med tanke på å ta bedre vare på samlingen, både når det gjelder fysisk plassering og å få en komplett oversikt over samlingens innhold. I dette ligger det også at vi må hindre at det gjøres inngrep i samlingen slik som historien har vist at det har vært gjort.
Dekan Sarah Lookofsky ved avdeling Kunstakademiet seier også dette:
– Jeg tenker det er opplagt å undersøke den, ikke bare fordi våre studenter kan bli kjent med kunsthistorisk forskning, men også for at de kan forholde seg til at deres egen praksis, med tiden, vil bli sett i historisk lys.
Også tidlegare rektor Cecilie Broch Knudsen, tidlegare professor Dag Erik Elgin og tidlegare bibliotekar Åse Markussen gjev utfyllande kommentarar i den aktuelle artikkelen i Khrono.
Ordninga med å kjøpe inn elevarbeid ved Statens kunstakademi blei innført frå 1954-55 og opphøyrte i 1980. Det har altså gått meir enn førti år sia siste innkjøp.
Plan framover
KHiOs vidare arbeid vil gå langs desse hovudspora:
- sikre den fysiske samlinga, slik at det ikkje oppstår meir skade på verka
- registrere samlinga og få oversikt over kva som er utplassert på campus
- drøfte plan for forvalting
- integrere ei undersøking av samlinga i undervisninga på Kunstakademiet i komande skoleår
Til dette prosjektet er det nødvendig å hente inn ekstern kompetanse på konservering og samlingsforvaltning og å drøfte samlinga i eit kunsthistorisk perspektiv.
Gåve til direktør
I Khrono-artikkelen går det fram at tidlegare direktør Annemarie Bechmann Hansen fekk to verk frå samlinga i gåve då ho slutta som høgskoledirektør i november 2020. Desse verka er nå levert tilbake til samlinga.
Aktuelle presseklipp
Stavanger Aftenblad 24.03.2021: Reidar Berge-stiftelsen ønsker å hente hjem viktig kunst (pdf)
Khrono 19.03.2021: Ledere fikk kunstgaver verdt tusener — ansatte flest får bare blomster
Khrono 04.03.2021: Den glemte kunstsamlingen. Delte ut kunst fra forsømt kunstsamling
Khrono 04.03.2021: Kunstnere reagerer: «Det er virkelig helt usannsynlig forferdelig»
Khrono 05.03.2021: Tilbyr seg å hente «hjem» forsømte kunstverk
NRK 07.03.2021: Glemt kunstsamling funnet blant skrot og snøfreser i kjelleren på Kunsthøgskolen
Khrono 09.02.2021: Denne boksen kan gi svar. Nå er den savnet