Workshop
Oslo Open - invitasjon til ope atelier
Stipendiatane Tina Jonsbu, Katrine Køster Holst, Merete Røstad og Franz Schmidt ved Kunsthøgskolen i Oslo inviterer publikum til å delta i deira arbeidsprosessar.
- Merete Røstad opnar dørene opp for publikum til å besøke «Tenkerom» som ein del av hennar pågåande arkiv og kartleggingsprosess.
- Tina Jonsbu inviterer publikum til å delta i sitt teikneprosjekt. Det krevst ikkje ferdigheiter i teikning, berre litt tid til å sitje ned.
- Kartrine Køster Holst held ope atelier.
- Franz Schmidt er representert med eit utval arbeid.
- Yuka Oyama viser utstillinga The Stubborn Life of Objects (sjå eiga omtale).
Følg skiltinga frå hovudporten i Fossveien 24.
Besøksstoppet ved Kunsthøgskolen i Oslo er ein del av arrangementet Oslo Open der kunstnarar over heile byen inviterer publikum til eit ukuratert møte med kunsten sin.
Ope atelier
Målet med arrangementet er å etablere nye kontaktflater med kunsten og publikum. Ateliera ved Kunsthøgskolen i Oslo er dei fire stipendiatanes daglege arbeidsstad og gjennom Oslo Open får publikum eit blikk bak fasaden og inn i prosessen som ligg bak det ferdige verket.
Merete Røstad
Installasjon, performativ skulptur, kunst i offentlege rom
Merete Røstad er biletkunstnar og kurator. Hun er utdanna ved Bauhaus Universität, Weimar, Tyskland og Liverpool Institute for performing Arts, England.
Røstad er for tida stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo, avdeling Kunst og handverk med prosjektet “Exercises in Consciousness – restaging forgetting as Art practice in Public space”. Ho bur og arbeider i Oslo og Berlin.
Tina Jonsbu
Teikning
Tina Jonsbu sin kunstnarskap omfattar teikning, installasjon og stadsspesifikke prosjekt.
Jonsbu er for tida stidpendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo, avdeling Kunst og handverk med prosjektet «Tegner jeg med ryggen til verden?» Ho bur og arbeider i Oslo.
Katrine Køster Holst
Keramikk
Katrine Køster Holst er utdanna frå Designskolen Kolding, Danmark og Kunsthøgskolen i Bergen.
Holst er for tida stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo med prosjektet "Mineraler og naturfenomener – en regelbasert utforskning for å utvikle kunstneriske uttrykk ". Ho er opptatt av materialas opprinnelse og eigenskap og korleis desse kan brukas i keramikk. Arbeidsforma er eksperimenterande og tilfeldigheitsprinsipp og regelstyrte prosessar ligger ofte i botn av prosjekta.
Franz Schmidt
Tekstil
Franz Petter Schmidt har utdanning som herreskreddar og tekstilkunstnar. I arbeida sine legg han vekt på handverksutøving og verkstadsforståing.
Schmidt er for tida stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo, avdeling Kunst og handverk med prosjektet «Textile Traces». Han bur og arbeider i Oslo.
Oslo Open
Oslo Open er ein kunstnarstyrt festival som vart etablert i år 2000 av kunstnarar og ei rekke større kunstinstitusjonar for å gje kunstnarane ein alternativ arena å synas på og moglegheit til å «bli oppdaga» utanfor dei etablerte institusjonane.
Oslo Open er eit ukuratert arrangement og det som møter deg i ateliera er så mangfaldig, spanande og variert som kunstnarane sjølve.
Oslo Open byr på eit unikt og uformelt møte mellom kunstnarar og publikum på kunstens eigen arbeidsplass, atelieret, eit myteomspunne og elles lukka rom, i utalege variantar!