Utstilling
Avgang 2024: Anne-Marte Før / Ti krakkar er til å sitja på
Utstillinga Ti krakkar er til å sitja på er Anne-Marte Før si avgangsutstilling for master ved Kunsthøgskolen i Oslo, avd. Kunstakademiet.
Det er ikkje lenger avstand mellom dei gamle tinga og meg og no. Eg hatar dei like hardt som eg likar dei, eg vil tenne på tømmerhuset og samstundes ta vare på det.
Etterburden vart lagt i eit spann, ein hesleg fugl flaug opp.
Den varme mjølkespruten stod mot epoxymåla betong.
Utstillinga Ti krakkar er til å sitja på er Anne-Marte Før si avgangsutstilling for master ved Kunsthøgskolen i Oslo, avd. Kunstakademiet. Før jobbar med kulturhistoriske materialar i vid forstand, med undersøkingar av omforming, fråvær, mellomrom og tid. Ho er interessert i strekket mellom stadbundne og flytande identitetar og i korleis gjenstandar, songar, forteljingar, kunst og kunnskap endrar seg gjennom traderingsprosessar.
6. mars vil Faux Fair, den årlege bokmessa til biblioteket ved Kunsthøgskolen i Oslo, halde til i Meierisalen på Guttormsgaards arkiv. Noverande og tidlegare studentar syner fram bøker. 9. og 10. mars blir det også messe, bokutstilling, lanseringar m.m. (sjå eige program www.guttormsgaardsarkiv.no).
Adresse: Guttormsgaards arkiv, Meierivegen 14, 1925 Blaker.
30 min. togtur frå Oslo S, Kongsvingerbanen R14, Guttormsgaards Arkiv ligg rett ved Blaker togstasjon. Tog til og frå Oslo om lag 2 gonger i timen.
***