Utstilling
Compose Decompose Pause
Sju nyleg uteksaminerte og noverande studentar frå KHiO har fått bruke Kunsthall Grenland som studio under korona, no opnar dei gruppeutstillinga Compose Decompose Pause.
Fredag 14.08 klokka 19.00, opnar utstillinga Compose Decompose Pause i Kunsthall Grenland.
Kunstnarane som deltek er:
Sigvei Ringvold, Ina Vang, Beatrice Guttormsen, Linn Svensson, Erika Reed, Magnus Vanebo og Kari Kolltveit.
Kunstnarane har arbeidd med eigne prosjekt som enten allereie har vore påbegynt, som ein del av studia ved KHIO, eller som har blitt utløyst av erfaringar og tankar i kjølvatnet av pandemiutbruddet. Sigvei Ringvold, som no startar på sitt tredje år i ein bachelor i medium- og materialbasert kunst, med spesialisering i teikning og grafikk, har fungert som kurator for gruppa.
Utstillinga står i perioden 14.08 – 13.09 2020. Opningstidene er tysdag til søndag, klokka 12.00 - 16.00. Les meir om arbeida på sida til Kunsthall Grenland