Utstilling
Avgang 2020: Bachelor medium- og materialbasert kunst
24 avgangsstudentar ved bachelorstudiet i medium- og materialbasert kunst gjennomfører eit avsluttande avgangsarbeid fram til eksamen og utdeling av vitnemål med tildelt grad.
Til vanleg skjer evalueringa av det avsluttande arbeidet på KHiO i samband med ei avgangsutstilling eller framsyning. Som følge av nasjonale tiltak for å avgrense smitte frå Kornonaviruset er alle arrangement med publikum avlyst.
Avgangsstudentane gjennomfører eit alternativt opplegg der undervisning i all hovudsak gå føre seg på digitale plattformer. Avgang 2020 inneheld dokumentasjon av avgangsprosjektene, som kreves for å gje alle studentar avsluttande eksamen.
Avgang 2020
På mange måtar skulle eg ønske at eg kunne byrje her med å kontekstualisere dei uteksaminerte Bachelorstudentane i medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo gjennom ei eller anna agurknyhende, kanskje ein populærkulturell referanse, som ein remake av Friends, for å introdusere denne tida desse studentane entrar verda i. Ei lettare tone med eit visst anslag av humor. Men, det er ikkje kun ei vanleg tid me har gått igjennom no. Nokon ville sei ei ekstraordinær tid, noko me vil hugse for resten av livet. Om dette er sant eller ikkje må me kanskje nytte resten av livet for å finna ut om faktisk er, sant. Men kanskje det å lage kunst alltid er eit unntakstilfelle, alltid det å leva i og under noko ekstraordinært. Og det har desse kunstnarane no fått merke, gjennom nye digitale løysingar, eit fråvær av verkstader og i det heile tatt ei total omvelting av sine siste månader ved KHiO. Men, verka står der, kva enn som verda har kasta mot dei har dei tatt inn og produsert kunst utifrå det, slik at denne avgangsutstillinga også kan stå som eit tidsminne over akkurat denne ekstraordinære tida.
Ofte, og spesielt no, vil eg unngå å strekke meg mot samlebegrep, å knytte det eine til det andre gjennom tekstlige grep. Difor unngår eg og sei noko om kunstnarane her samla sett, utanom verda dei går inn i og som dei no skapar i. Men, eg merker jo også kor fattig på ord eg vert når eg fjerner både metaforer og samlebegrep frå språket mitt. Som om eg ikkje har noko å vise til utanfor bokstavar, lyder, og arbitrære meiningar. Samstundes so tenkjer eg at det går bra, for det er kunstnarane her som skal nytte dei, nytte alle desse ideane, verkemidla, for å visa deg eit rammeverk dei sjølv har konstruert og går ut i verda med. Og då tenkjer eg at mine ord kan stå fattige tilbake, og lena seg på deira ord og bilete. Dette er deira stemmer, deira metaforar, uten bånd eller tvang om nokon form for kontekstualisering eller tendens er dette deira bilete på korleis dei ser verda, kunsten og om det å lage noko her og no. Dei vert sitt eige samlebegrep, heilt og holdent i kraft av seg sjølv.
Marius Moldvær
Redaktør
Avgangsstudentar i bachelor medium- og materialbasert kunst:
Keramikk
Anders Hald
Andreas Sjöblom
Berenice Janice Hernandez Hernandez
Sofia Nömm
Tiril Rönning
Ebbe Arneberg
Metall og smykkekunst
Erik Blomqvist
Guðmundur Helgi Arnarson
Joel Correia
Magnus Vanebo
Pernilla Friberg
Renate Dahl
Solvor Fermann-Khalifeh
Grafikk og teikning
Hampus Håkansson
Hanna Halsebakke
Kari Kolltveit
Sally Nordström
Åsa Polfjärd
Tekstil
Katrine Rørbakken Lund
Linn Tenman
Linéa Johanne Haftorsdottir
Mari Ulland
Sunniva Havstein
Maria Möhring
Heimesida for utstillinga: av-gang2020.com
Følg studentane på Instagram @avgang2020 og emneknaggen #khioavgang2020