Tora Endestad Bjørkheim
Tora Endestad Bjørkheim (f. 1986) har bachelor- og mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen.
Tora Endestad Bjørkheim er kunstnar med base i Oslo. Saman med Johnny Herbert starta ho avispublikasjonen Grafters’ Quarterly i 2014, som i dei fire første utgåvene har fokusert på improvisasjon, abstraksjon, fetisjisme, arbeid og rytme. Ho har seinare og arbeidd med oppdragsbasert tekstproduksjon. Bjørkheim er medlem av redaksjonsrådet i Norwegian Crafts og tidsskriftet Kunsthåndverk, og var i 2016 gjesteredaktør for sistnevnte. I 2017 vart ho vald inn som styremedlem i Norske Kunsthåndverkere.
Utstillingar og prosjekt inkluderer, mellom anna Flat Factory Study Sample, Visningsrommet USF, Bergen; Omformulerte forekomster, Kunstnerforbundet, Oslo; The Partisan Café, Bergen Assembly 2016; Tora Endestad Bjørkheim & Bjørn-Henrik Lybeck, Entrée, Bergen; Moscow Biennale for Young Art III, Moscow Museum of Modern Art, Moskva.