Franz Petter Schmidt

Franz Schmidt (f. 1969) har sveinebrev som herreskreddar og hovudfag i fagområdet tekstil frå Statens handverks- og kunstindustriskole. Han har hatt fleire separatutstillingar, og har ei variert arbeidserfaring frå norsk tekstilindustri og samarbeidsprosjekt med kollegaer i norsk motebransje, og er også innkjøpt til fleire offentlege samlingar.

I 2018 disputerte Schmidt ved KHiO og forsvarte forskingsarbeidet «Weaving Fabrics for Suits».

Franz Schmidt er tilknytt og har studio i det nedlagte, og nå freda veveri i sentrum av Oslo, Prinds Christian Augusts Minde.

Meir informasjon: www.franzschmidt.no