Camilla Luihn

Camilla Luihn er utdanna frå KHiO, fagområde metall. Hennar kunstnariske praksis omfattar smykkekunst, fotografi, objekt samt grafiske trykk. Ho har hatt ei rekke utstillingar i Noreg og internasjonalt og verka hennar er kjøpt inn til i fleire offentlege samlingar. Ho tok initiativ til kunstnargruppa Arkivet og grunnla, og er redaktør for, smykkekunstregistret Nomekure. I desse dagar opnar ho Portabel, eit prosjektrom for metall- og smykkekunst ved Kirkeristen i Oslo.

Luihn kjem frå stilling som formidlingsleiar i Norsk Billedhoggerforening.