Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 104, Firefox (Android) 101, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 104, Baidu 7.12, Chrome 104, Chrome 103, Chrome 102, Edge 104, Edge 103, Firefox 103, Firefox 102, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.5, Safari/Chrome (iOS) 15.4, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 89, Opera 88, Safari (MacOS) 15.6, Safari (MacOS) 15.5, Samsung 18.0, Samsung 17.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Verdas lengste teikneserie

Verdas lengste teikneserie?

Ferske og rutinerte studentar på grafisk design og illustrasjon har samarbeida om å lage teikneserie med kniv, trykksverte og dampveivals. Så, om ikkje verdas lengste, kanskje Noregs?

NRK har følgt prosessen, lenker nedst i saka.

Verdens lengste tegneserie

Verdens lengste tegneserie

Studentane har fått oppgåve frå prosjektsanvarleg Ane Thon Knutsen, førsteamanuensis i grafisk design: Saman skal dei i løpet av to dagar lage ein lang teikneserie. Studentane skal produsere ei rute kvar, som skal vise ein karakter som spring 60-meteren.

Verdens lengste tegneserie

Verdens lengste tegneserie

I Iladalen blir trykksverte rulla på platene kor studentane har skåre ut motiva sine. 

Verdens lengste tegneserie

Professor i grafisk design og illustrasjon, Martin Egge Lundell, er fagansvarleg. Her i full sving på dampveivals for å trykke teikneserien på stoff. 

Verdens lengste tegneserie

Verdens lengste tegneserie

Det ferdige resultatet blei båre ned igjen til KHiO. Det blir vist under årets Elvelangs, 22. september.

Videodokumentasjon av Eivind Lauritzen.

Framifrå samarbeid

–Dette var gøy! seier Ane Thon Knutsen, førsteamanuensis i grafisk design, og legg til: og vi må trekke fram den avgjerande innsatsen til verksmeister Scott Peter O'Rourke på grafikk, han har vore med i planlegginga og heldt ro, kontroll og humøret på topp hos alle involverte, studentar og tilsette, heile vegen. Utan ekspertisa hans tvilar eg på at vi ville fått det til.

Utan verksmeistrane stoppar skolen opp

–I tillegg fekk verksmeister Nicolai Fontain på treverkstaden tak i restane frå det nye dansegolvet som ble lagt på avdeling dans i sommar, og dette fekk han av Vidar Iversen på drift, slik at materialet var 100 gjenbruk. Nina Størk på tekstil hjelpte oss å preppe og sy saman stoffet vi trykka på, noko som eg ikkje hadde det minste peiling på korleis ein skulle gjere, seier Knutsen:

Poenget er at verksmeistrane på denne skolen er heilt uvurderlege, dei gjer ein formidabel innsats og alle har gjort det med bøtter av godt humør og ja-attitude. Det fortener dei masse skryt og merksemd for! Utan verksmeistrane stoppar skolen opp.

NRK med på lasset

NRK har følgt prosessen, dei har laga nettsak, og vist videoinnslag på Distriktsnyheter Oslo og Viken.

Foto: Tilde Wahl Hansen og Håvard Andreas Krogstad Johansen.