Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 94, Firefox (Android) 92, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 94, Baidu 7.12, Chrome 94, Chrome 93, Chrome 92, Chrome 91, Edge 94, Edge 93, Edge 92, Firefox 93, Firefox 92, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 80, Opera 79, Opera 78, Safari (MacOS) 15, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 15.0, Samsung 14.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Teikneserieprosjekt blir bok hos Egmont

Teikneserieprosjekt blir bok hos Egmont

I konkurranse med 200 deltakarar vann Sara Hjardar teikneseriekonkurransen til Egmont med sitt bachelor avgangsprosjekt «Mia og barna som forsvant». I tillegg til prisen på 50 000 kroner, har forlaget så stor tru på prosjektet, at dei også har gitt henne avtale om bokutgjeving.

–Eg kjenner meg ekstremt stolt, samtidig som det heile er veldig surrealistisk. Det kjennes litt som at eg hoppa over ti steg eg eigentleg burde ha vore gjennom før eg kom til dette. Eg har alltid hatt ein liten frykt om kva som vil møte meg på jobbmarknaden etter studia, og tankar om å trygle etter jobbar har alltid gjort meg engsteleg ettersom eg veit at det å vere illustratør kan vere vanskeleg og omskifteleg. Derfor kjenner eg meg veldig heldig som har fått denne sjansen. Ikkje minst så kjennes det som at draumen min blir verkeleg!

Mia og barna som forsvant av Sara Hjardar.


Fortel litt om bakgrunnen for prosjektet?

Boka starta eigentleg som eit bachelorprosjekt til avgangen min på KHIO i grafisk design og illustrasjon. Eg ønska å lage eit konsept til ein grafisk roman som var i fantasy-sjangeren. Sjølve idéen til prosjektet fekk eg då eg tok toget frå Oslo til heimbyen min Fredrikstad, for det er alltid på togturar eg får dei beste idéane. Eg trur likevel at historia om Mia er ei fortelling eg har ønska å formidle i mange år. Den har på ein måte blitt satt saman av mange små tankar på vegen, heilt til det kjendest ut som ein ferdig utvikla idé.


«Mia og barna som forsvant» er tittel på teikneserien, ta oss med inn i universet ditt!

–Eg har alltid hatt ei morbid nysgjerrigheit for det skumle og grøssande, samtidig som fantasy-sjangeren står meg veldig nær. Dette har derfor blitt element som i stor grad kjenneteiknar streken. Åra på KHIO var verkeleg då eg fann mi personlege stemme i illustrasjonsverda. Den tar inspirasjon frå det organiske og eg trekk inn mykje frå naturen og menneske. Dette var noko eg kjende var viktig å ta inn i universet mitt og, ettersom eg ønska at teikneserien skulle ha eit personleg preg av meg sjølv.

Mia og barna som forsvant av Sara Hjardar.


–Teikneserien handlar om ein innsjø som brått dukkar opp i skogen ved huset der Mia bur, og like etter forsvinn søstera og barna som badar i den. Mia blir derfor møtt med eit vanskeleg val då ho må redde søstera si frå det ukjende som ligger under innsjøen. Eg ønska å ta med lesaren inn i ei skummel og mystisk verd, som vil by på mange utfordringar. Mia som er ei 13 år gamal jente, vil også måtte gå gjennom ein hard kamp mot både seg sjølv og verda rundt henne. Det var viktig for meg å skape eit realistisk bilete på korleis ein 13-åring ville handtert den situasjonen som Mia hamnar i.

Mia og barna som forsvant av Sara Hjardar.


Kva gjorde at du ville jobbe med teikneseriar?

–Eg har alltid ønska å formidle historier, men eg har aldri visst kva veg eg skulle gå. Illustratør var det første som fall meg inn, og det var også det som gjorde at eg søkte på KHIO. Eg tenkte og lenge på å bli concept-artist, før eg skjøna at det var teikneseriar eg ville satse på. Det hadde aldri falt meg inn at fantasy-sjangeren innafor norske teikneseriar hadde blitt så populært, og at dette faktisk var noko det var ein marknad for. Eg har alltid hatt ein stor kjærleik for både manga og teikneseriar, så då eg såg dei norske hyllene fylle seg med nye episke teikneseriar, så var eg seld!

Mia og barna som forsvant av Sara Hjardar.


Kva har tre år ved KHIO gjort for deg som illustratør?

–Eg er veldig takksam for dei åra eg hadde på KHIO. Vi hadde eit supert klassemiljø og eg syntes alltid det var så inspirerande å oppleve kor forskjellige alle var i det vi gjorde. Sjølv om vi alle hadde same oppgåver, så var det så mange måtar de vart utført på. Eg trur det å lære av kvarandre gjennom åra på KHIO har hatt mykje å sei for meg. Ikkje minst så gav KHIO meg den moglegheita til å jobbe med det eg ønska. Det at ein ikkje har karakterar gjer slik at ein lettare vil eksperimentere med formidlinga si og verkeleg finne si eiga stemme i arbeidet. KHIO har derfor hatt ei stor tyding for mi utvikling som illustratør, og har gjeve meg sjansen til å drive med det eg elskar.


Kva driv du med no – og når kjem boka?!

–Akkurat no jobbar eg med å bli ferdig med boka, som og kjem til å bli ein serie over fleire bøker. Eg satsar på å være ferdig med den til neste haust. Eg jobbar også med frilansoppdrag innafor illustrasjon på sida.

Trur på mange oppdrag for Sara

–Det er så gledeleg at Sara har fått moglegheita til å realisere visjonen sin. Eg trur ho alltid har hatt dette i tankane, men ho har ikkje vore ein student som berre har «gjort si greie» på KHiO. Ho har alltid engasjert seg og jobba hardt – det er det som skapar framgang, seier Andreas Berg, professor i illustrasjon. Han legg også til at det er svært tilfredsstillande å lese kva ho skriv om utdanninga.
–På GI (grafisk design og illustrasjon) tar vi inn studentar som er svært ulike, med ambisjonar om at dei skal lære av kvarandre. Vi prøver å skape rom for at kvar enkelt skal kunne gjere sitt beste, utan å vere drevet av konkurranse.

Berg understrekar at det er ikkje vanleg at eksamensarbeid frå GI blir satt i produksjon, og at det heller ikkje er eit mål ettersom eksamensarbeidet først og fremst har ein pedagogisk funksjon. Han løftar fram kollega Siri Dokken, rettleiar for Sara, som viktig for utviklinga av prosjektet.

–Eg trur ikkje Sara kunne hatt ein betre rettleiar. Siri sitt eige eksamensarbeid på SHKS var ein teikneserie. Seinare har ho jo som kjent gjort andre ting, men ho er uansett ei av dei første i Noreg som skapa episke teikneseriar (litterære seriar for eit vakse publikum). Den norske marknaden for teikneseriar er stor og held høg klasse på internasjonalt nivå. Det finnes mange lesarar og fleire ambisiøse forlag. Eg er sikker på at Sara kjem til å få moglegheit til å lage fleire bøker når ho er ferdig med denne serien, og eg er like sikker på at ho også kjem til å gjere andre ting i framtida. Ho er berre i starten av karriera si.

Sjangeren episke teikneseriar har i USA vore marknadsført som ‘graphic novels’, vi brukar gjerne omgrep der i frå, men den har eigentleg sterkare forankring i den franskspråklege verda.

–Estetikken til Sara er kanskje like mykje amerikansk, som japansk, som belgisk, men også norsk! Kan ein ikkje ane slektskap med Theodor Kittelsen og kanskje også Louis Moe eller, meir samtidige, Sverre Malling? Det skal bli spanande å sjå korleis Sara utviklar sitt litterære uttrykk og bygger vidare på verda si.

Mia og barna som forsvant av Sara Hjardar.


Les også
Vinneren av Egmonts tegneserie-konkurranse er Sara Hjardar med «Mia og barna som forsvant»


Sara Hjardar.Følg Sara Hjardar
Instagram @elfentrank
Heimeside Sara Hjardar