Studentarbeid kjøpt inn til Museum aan de Stroom (MAS)
Antonio Cascos Chamizo sitt MA-arbeid "To eat or to be eaten - A guide to cannibalism" frå avgangsutstillinga i 2015 er kjøpt inn for å i fire år framover bli vist i ei stor utstilling i Antwerpen, Belgia.
14. mai 2016 opnar utstillinga "Antwerp - À la Carte" ved Museum aan de Stroom (MAS). Utstillinga presenterer historia til Antwerpen gjennom "kulinariske briller", og vil bli vist fram til mai 2020.
Mat skapar byen
I dag bur meir enn halvparten av verdas folk i byar. Antwerpen har over 500 000 innbyggjarar, og med det, like mange munnar å mette, kvar einaste dag. Korleis gjer byen dette? Kva får det å seie for framtida? Og er dette eigentleg så veldig forskjellig frå berre nokre få tiår attende i tid?
To eat or be eaten - A guide to cannibalism
- Eg har alltid drøymt om å stille ut i eit museum, seier Antonio Cascos Chamizo. - Eg kjenner meg så stolt over at ein så stor og anerkjent institusjon som MAS er interessert i å vise arbeida mine. Og eg kunne ikkje vore meir glad enn eg er no over at det skjer i utstilling med eit så relevant tema.
Arbeidet som nå blir gjort tilgjengeleg for eit breitt publikum er del av verket han viste som avgangsstudent ved MA i design 2015 ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Les meir om utstillinga ved Museum aan de Stroom (MAS)
“Three distinct views will be drawn up of the mutually shaping relationships between cities and food in the future. Each will consist of a speculative portrait of the city alongside a selection of existing projects, both bound by a set of current tendencies and/or more speculative developments. Regarding these three views, a selection of works has been made, in one of which we would very much like to feature your work, i.e. your work entitled "To eat or to be eaten - A guide to cannibalism", as we consider it of high artistic value and illustrative of future developments we aim to draw attention to in our future envisionings during the exhibition. Your work would be presented alongside three to four other artist works/projects in the same cluster, framed by similar future trends....”
Antonio Cascos Chamizo (1991) er designar, kunstnar og aktivist. Han er fødd og oppvaksen i Madrid (ES), og har også budd i London (UK), Horsens (DK) og Turin (IT) der han tok BA design ved Instituto d’Arte Applicata e Design og deretter MA i design ved Kunsthøgskolen i Oslo. For tida bur og arbeider han i Oslo.
Les meir om kunstnarskapen og MA 2015 ved Kunsthøgskolen i Oslo, avdeling design.