Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Å vere operasongar krev ei lang songutdanning og oppfølging med songtimar gjennom karriera. Stipend er eit viktig tilskudd for å ha råd til å halde seg oppdatert og å reise på auditions. På bilete er det studentar frå KHiO som syner Flaggermusen.
Å vere operasongar krev ei lang songutdanning og oppfølging med songtimar gjennom karriera. Stipend er eit viktig tilskudd for å ha råd til å halde seg oppdatert og å reise på auditions. På bilete er det studentar frå KHiO som syner Flaggermusen.

Stor stipendutdeling til operastudentar

Nær 400.000 kroner i utdannings- og reisestipend er tildelt studentar ved Operahøgskolen frå Lilly Stiftelsen.

Til saman seks studentar ved Operahøgskulen har blitt tildelt stipend. Det største utdanningsstipendet er på 100.000 kroner.

– Vi er utruleg stolte over at heile seks av våre operastudenter i år er tildelt stipend frå Lilly Stiftelsen, seier dekan ved Operahøgskolen, Anna Einarsson.

– Mange av våre studentar har studert lenge før dei kjem inn på Operahøgskolen og dei er heilt avhengig av stipend for å ha råd til å studere hos oss. Stipenda kjem og godt med etter endt studium når dei må ut i både Noreg og utlandet for å prøvesynge for agentur og operahus. Å dra på auditions er dyrt. Dei må sjølv stå for flyreiser og hotell i samband med prøvesang, forklarer Einarsson.

– Etter endt studium er det óg viktig å fortsette å ta pianist- og sangtimar for å halde oppe det vokale nivået. Alt dette er dyrt og slike stipend som Lilly Stiftelsen deler ut er heilt uvurderlige for dei nyutdanna operasangarane slik at de skal kunne klare seg i ei stadig meir konkurranseprega bransje.

Anna Einarsson legg også til at i løpet av studie på Operahøgskolen er det stort fokus på auditiontrening.

– Vi sørger for at studentane er godt rusta og klar for å prøvesynge for mellom anna stipend som Lilly Stiftelsen.

Søndag 19. november kl. 17.00 blir det Tildelingskonsert på Sentralen i Oslo der studentane våre deltek.
Gratis entré ved billettreservasjon post@lillystiftelsen.no

Tildeling av Lilly stipend til studentar på Operahøgskolen

Utdanningsstipend kr 100.000

Stipendmottakarar:
Sofia Nesje Enger
Oda Nysæter

Utdanningsstipend kr 75.000

Stipendmottakarar:
Johannes Nikolai Aas

Utdanningsstipend kr 50.000

Stipendmottakarar:
Filip Natanael Håkestad

Reisestipend kr 30.000

Stipendmottakarar:
Hannah Edmunds
Jostein Fahre

Lilly Stiftelsen skal vere eit sterkt bindeledd mellom utdanning og jobb for unge, norske operasongarar, klassiske songarar og folkesongarar.
Vi skal vere ein pådrivar for nasjonal kompetanseheving innan songkunst.
Stiftinga er bygd på ei stor testamentert gåve frå Eidis Huseby Kvaalen og oppattkalla etter mor hennar, songerinna Lilly Huseby Kvaalen.

Stipendforvaltarar og styremedlemmar
Knut RO, Styreleiar
Eli Kristin Hanssveen, Songar og kunstnarleg leiar
Liv Kjersti Sandve, Styremedlem
Per Ødegaard, Styremedlem