Foto: SpareBank1.
Foto: SpareBank1.

Stipend på bok

Operastudent Markus Bjørlykke har motteke SpareBank1 sitt Talentstipend 2020. Stipendet er på 40.000 kroner.

-Det første eg tenkte då eg fekk stipendet var at eg måtte ringe og fortelle det til mams. Med økonomien som dei fleste studentar har er det vanskelig nok å dekke alle kvardagslige behov, så det å få økonomisk støtte som eg kan bruke til å utvikle meg faglig utanfor skulen er heilt fantastisk!

Bjørlykke fortel at han hadde tenkt å bruke pengane på å reise på sommarkurs med operasongarar, i inn- og utland.

-Det blir nok ikkje noko av det no i desse koronatider. No blir det sommarferie på Hareid og forhåpentligvis ein sommarjobb. Dei 40.000,- får eg setje på bok til det opnar seg nye moglegheiter.

Song har vore viktig for folk under korona, kva tenker du om kunstnarens rolle under korona - og tida etter?

-Kunst og kultur har jo opp gjennom historia vore brukt under krevjande tider for å gløyme det vonde. No har vi stått og står i kanskje den mest usikre tida vi har hatt i vår samtid og mange vil nok oppleve å få for mykje tid til å tenke på det vonde sidan muligheita for å dra ut og oppleve kunst og kultur er revet bort. Det seies jo at ein ikkje set pris på det ein har før ein mister det. Kanskje folk set enda meir pris på kunst og kultur etter dette?

Markus Bjørlykke kom inn på årsstudium i opera ved Operahøgskolen på første forsøk i fjor og har planer om også å ta masterstudium i opera. Han er ein av få i landet som jobbar med stemmekategorien spintolyrisk tenor. Markus svarar rimelig kontant på spørsmål om korleis det har vore å studere heime ifrå under korona.

-Dritkjedelig! Eg sakna songtimar, vener frå skulen og kantinedamene. Heldigvis er skulen no delvis opna slik at eg kan bruke øvingslokala og sjå folk att. Det er ikkje alt som let seg formidle over nett, seier Bjørlykke som planlegg å leve for, og av å synge i framtida.


Sjå dei andre 24 mottakarane innan idrett, kultur og næringsutvikling av SpareBank1 sitt Talentstipend 2020