Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 92, Firefox (Android) 90, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 92, Baidu 7.12, Chrome 92, Chrome 91, Chrome 90, Edge 92, Edge 91, Firefox 91, Firefox 90, Firefox 89, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.7, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 78, Opera 77, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 14, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 14.0, Samsung 13.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Bilde: Norwegian Embassy in Prague.
Bilde: Norwegian Embassy in Prague.

Siger til Ramona Salo under Designblok 2018

Ramona Salo vann Diploma Selection med master kolleksjonen sin frå avgangsvisinga 2018, inspirert av den samiske kulturarva hennar.

Det var tysdag kveld at Ramona Salo gjekk heilt til topps i konkurransen, som har samla dei 30 beste avgangsprosjekta frå 22 europeiske universitet og høgskular. Salo var einaste nordiske representant til Diploma Selection 2018 ved designfestivalen Designblok - Prague International Design Festival. Prisen på 1000 euro får ho for å utvikle ein kolleksjon som skal visast under Designblok i Praha neste år.

På facebook-sida si skriv Salo:
«Jeg er så glad, beæret og takknemlig! Tusen takk til Designblok teamet, Norges ambassade i Praha, fantastiske gode Zofia som var med, de andre deltakerne, lærere og verksmestere på KHiO som har veiledet meg og ikke minst min familie, spesielt mamma som har gjort så mye for prosjektet mitt. Nå blir det show i Praha neste år!»

–Dette er fantastisk gledelig og inspirerande! Det seier Peter Løchstøer, fagområdeansvarleg for kles- og kostymedesign, om sigeren. –Under avgang i vår vart prosjektet til  Ramona tildelt Fondet for kunst og designstudenters pris. I grunngjevinga til juryen vart prosjektet berømma for å plassere seg stødig i ein global bevegelse der ein ny generasjon unge kunstnarar og designarar stolt tar tilbake verdiane som ligg i urfolk sine tradisjonar og kulturuttrykk og definerer dei som viktige for vår tid og for samfunnet. Det er derfor ekstra flott å sjå at Ramona sitt prosjekt no og får anerkjennelse i ein internasjonal konkurranse som Designblok.

I løpet av dei to siste åra har tre studentar fra fagområdet vunne europeiske konkurransar. I august 2017 vann Elnaz Gargari talenttevlinga Designers Nest, under moteveka i København, med bachelor kolleksjonen sin. Det var første gang Noreg og KHiO vann prisen. I januar 2018 gjekk sigeren i Designers Nest til Axel Enqvist og masterkolleksjonen hans. Også på heimebane har studentar frå klededesign og kostymedesign på KHiO vekka merksemd. Stine Marie Brænne Olstad var ein av vinnarane av DogA-merket Nykommer i november 2017 for sitt masterprosjekt og dei siste to åra har fleire nyleg uteksaminerte studentar frå KHiO vore blant finalistane i Bik Bok Runway Award som vert arrangert under Oslo Runway.

–Denne utviklinga er motiverande både for oss som arbeider med utdanninga på KHiO og for våre studentar. Det viser at måten vi jobbar med klesdesign på er relevant i dei større samanhengane og at vi utdanner klesdesignarar og kostymedesignarar med gjennomslagskraft, sei Løchstøer.

Grunngjevinga til juryen i Diploma Selection:

"Choosing from diploma works from around the world, what we looked for as a Jury was authenticity, story, craftmanship and forward thinking design.
Ramona Salo presented a strong story, rooted in traditions, spirituality and culture of Sami people. She transformed and translated this local and deeply rooted topic into very contemporary fashion design collection. She made her local heritage interesting and relevant part of international fashion coversation about traditions and future, local and global."

Følg Ramona Salo på ramonasalo.com