Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Saman mellom skjermane

Saman mellom skjermane

På det nye Nasjonalmuseet har designprofessor Martin Egge Lundell utforma eit rom for den moderne tidas store tidssluk: skjermar.

Når KHiOs utsendte svalar seg inne i det nye Nasjonalmuseet ein varm dag i slutten av juni er det overveldande mykje nytt å sjå. Vi hastar gjennom, mens professor i design frå KHiO, Martin Egge Lundell og Nasjonalmuseets spesialrådgivar og kurator formidling, Anne Christiansen Qvale peikar ut ulike arbeid av tilsette og tidlegare og noverande studentar. Her er Ane Thon Knutsen sin typografi, der er Ida Falck Øyen sine kle. Det verkar som nestan kvart rom er prega av KHiO. 

Lundell er sjølv representert ved tre bøker. Den eine tematiserer bøkenes plass i moderne bibliotek , og har det som også for dei to andre bøkene er ein treffande tittel:  Bøkenes hamskifte. Dei andre to er nemleg eksperimenter i korleis utforme bøker. Begge er utgitt av Flamme forlag. Den eine er skriven av diktaren Isabell El-Malhaoui, og formgjevinga tek tittelen Kan jeg finnes i andre formater bokstaveleg, med fem format i ulike dimensjonar og storleikar. Den andre er skriven av Ingrid Furre, og heiter Restaurant. Omslaget til boka ser ut som det allereie er tilgrisa av matflekkar.

– Fleire bokhandlarar sendte boka i retur, fortel Lundell.

Men vi er ikkje her for å sjå alt i samlinga, vi er på veg mot rom 25, som Lundell og Qvale har kuratert og utforma. Skjermtid heiter rommet, som er via skjermar som formgitt og utslagsgivande format. Rommet er måla blått, lik eit prosjektorbilete som ventar på signal. Plassert mot den eine endeveggen i rommet er ein fargeeksplosiv benk laga av resirkulert plast, og den andre er dekka av ein stor spegel. På dei avlange sideveggane finn ein hovudpersonen, i form av tolv vertikalstilte, store flatskjermar. Når publikum entrar rommet vaknar desse skjermane til live.

Martin Egge Lundell Nasjonalmuseet

Når byrjar skjermtida?

– Vi måtte sette ei tidsavgrensing, når byrjar skjermhistoria, når byrjar skjermtida. Og kva skulle vere med. Vi har sett starttidspunktet til 1960, når TVen blir introdusert i Noreg, og fram til i dag, seier Lundell.

Men når vi entrar rommet er det Morten Harkets fløyelsrøyst som ønskjer velkomen med A-has "Take On Me". Om du tar på skjermane kan du skrolle gjennom originalteikningar til den stadig like slåande musikkvideoen til songen.

– Vi har sett den hundretusen gonger, men det tåler videoen, skyt Qvale inn. A-ha blir avløyst av Todd Terjes elektroniske rytmer og karakterar laga av Bendik Kaltenborn (også han knytt til KHiO, der han snart disputerar med doktogradsarbeid på avdeling design), i ein video laga av Kaltenborn samn med Espen Friberg. Deretter kjem Röyksopp sin hit "Eple", med visuell form av Thomas Hilland. 

Martin Egge Lundell Nasjonalmuseet

– Musikkvideo i seg sjølv kunne vore ei heil utstilling. Det vi har vald å fokusere på er animerte musikkvideoar, sidan det er grafisk formgjeving for skjermar som er fokuset. Generelt har vi sett på fagleg verdi og kulturell gjennomslagskraft når vi har valt arbeid. Det vi har valt ut blir ståande igjen som fenomen, seier Lundell.

– Det har vore ganske teknisk avansert å sette opp dette rommet. I tillegg til Martin og meg har eit utal menneske jobba med det. Eit firma har jobba med design hos oss, og under dei er det fire underleverandørar. Animatørar, grafisk designarar, programmerarar for skjerm og videoprodusentar har vore i sving, fortel Qvale.

– Prosjektet blei starta frå botnen av, utan noko i Nasjonalmuseet si samling å lene seg mot, seier Qvale. Alt ho og Lundell hadde å jobbe ut i frå var det avsette rommet, og tittelen Skjermtid. Prosjektet har tatt to og eitt halvt år å utvikle.

Formgitt tid

Vi gjorde eit val om at det skulle være litt interaktivitet, men hovudhistoria fortel seg sjølv. Videoane går i ei sløyfe, automatisk. Du må ta det du får rett og slett.

– Kva gjer at de har landa på desse fem kategoriane: spill, vignettar, musikkvideoar, internett og vêret. Tenkjer de at desse er paradigmatiske former?

– Eg må berre seie ein ting, utbryt Lundell, og rettar merksemda mot skjermane som følgjer det førehandsinnstilte programmet utan å ense metarefleksjonen vår. Ei analog klokke teller ned sekunda før Dagsrevyen skal starte. 

– Dagsrevyen kjem her i form av ein kavalkade av seks ulike vignettar frå 60-tallet og fram til i dag. – Vignettar gjev informasjon og skapar stemning, seier ei venleg kvinnerøyst over høgtalarane.

– Vi er ganske pedagogiske i framstillinga, for å få folk til å skjønne kva dei skal sjå etter, seier Qvale.

Lundell trekkjer ei linje mellom å virke som designar, og å vere pedagog på KHiO, og formidlingsoppdraget på Nasjonalmuseet: – Det handlar om å forklare noko på ein spanande og enkel måte. Erfaringa mi med å skrive studieplanar har direkte påverka korleis eg jobba med dette rommet. Eg jobba med det slik ein skriv studieplanar, med formuleringar som: 'Dette handlar det om', 'skal introdusere for dette' og 'ha tenkt gjennom slikt og sånn' og 'ha dette læringsutbytte'.

Vignettane fungerer som eit kollektivt minne. Skjermtida viser mellom anna ein kjær barne-tv-vignett frå tidleg åttital. Vi får sjå eit kort intervju med animatøren som sto bak, nestoren Ine Karine Melby. Deretter følgjer opningssekvensen til Mannen som ikkje kunne le, med song av Wenche Myhre og Kjell Karlsens orkester. Lundell plystrar med.

Martin Egge Lundell NasjonalmuseetMartin Egge Lundell Nasjonalmuseet

Utarbeiding av utvalet

– Vi starta med å tenkje paradigme. I innleiande fase delte vi det inn i tre paradigmer. Då tenkte vi veldig fysisk: TV-skjermens tid, pc-ens tid og mobiltelefonens tid, fortel Lundell.

– Så kom vi til eit punkt kor vi tenkte at dei tre skjermane blei litt kjedelege å formidle gjennom. Det blei til at vi kom opp med ulike tema, kor nokre tema gjeld for heile tidsløpet, som vêret, frå meldinga på tv i 1960 til Yr-appen i dag. Her ser vi grafikken til vêret som har utvikla seg gjennom tekst-tv til appen, seier Qvale.

– Poenget vårt er å heile tida fortelje kor viktig formgivinga har vore for korleis vi opplev verda. Berre ein sånn ting som korleis veret er forma. Når ein ser ut av vindauget så ser jo ikkje vêret slik ut, seier Lundell og gestikulerar mot eit paraplyikon. Han oppmodar oss om å plassere symbolet over Oslo på eit kart vist på skjermen. Det set i gong ein visuell og auditiv sommarskur i rommet.

Martin Egge Lundell Nasjonalmuseet

Sport og spel

Ein gut tittar inn, og Lundell er kjapp med å seie at no kjem det snart dataspel her. Guten blir begeistra, og seier til faren at det snart kjem dataspill. Men det har ikkje starta enno, seier faren rastlaust, og tek guten i handa og leigar han ut igjen. Så han får ikkje prøvd seg på det klassiske spelet Pyton, ein norsk variant frå åttitalet av det som på nittitalet skulle bli mobilfarsotten Snake

Norsk spelindustri er representert med Funcoms Den Lengste reisen (1999), og Capricomus sitt Flåklypa Grand Prix (2000), i tillegg til Hyper Games sitt Mørkredd (2020). Med fotballspel som eksempel sporar ein skjerm den grafiske utviklinga i spelindustrien frå spelarar gjengitt som firkanta pikslar på Commodore 64 til Playstation 5 kor spelarane er blitt til forveksling lik ei TV-sending av ein faktisk fotballkamp.

– Vi leita etter eit fenomen som tydeleg kunne vise den grafiske utviklinga. Vi var innom mange ting, men landa på at fotball ville illustrerte det poenget.

– Fotball er jo populært i spel, og eg veit ganske mange som har ein spelkonsoll for nesten berre å spele fotballspel.

– Ja ikkje sant! Og det her er gøy, i det nyaste spelet her skårar Haaland.

Martin Egge Lundell Nasjonalmuseet

Merksemda mot mobilen

I høgtalarane varslar den venlege kvinnerøysta: – På 1980-tallet kjem pcen til landet. Eit tiår seinare kjem internett. I 2007 blir iPhone lansert, og blir startskotet for internett i lomma.

Skjermane viser eit historisk sveip over korleis Internett har endra seg frå Noregs første nettside MultiTorg til dagens tenester på Altinn. Og Noregs første kommersielle nettside for OL i Lillehammer kontrasterast mot fridomen i dagens nettsideutforming. Rada av skjermar på motveggen er samla om å vise videosnuttar kor unge bruke notidige appar og tjenestar - dei skrollar finn på leiting etter kle, eller vippsar kavarandre for middagsutlegg. Før samla folk seg rundt dei same tv-programma, no brukar vi tida på dei same appane, med personleggjort innhald.

– Desse appane er alltid i bruk i verda, så difor har vi laga desse filmane for å vise korleis dei brukast i folk sine liv. Dette er tjenester vi brukar alle saman i kvardagen, men ein tenkjer kanskje ikkje gjennom at det er formgitt med ulike grunnar, og at formgivinga er med på å prege opplevinga vår, forklarar Lundell om læringsutbytte frå denne sekvensen.

Når vi går ut av skjermrommet foreslår Qvale at KHiOs utsendte lastar ned appen til Nasjonalmuseet. Har kan ein mellom anna høyre lydguide til utstillinga. I lydguiden fortel Lundell:

– Skjermane som vi omgir oss med er stappfulle av innhald, og alt dette innhaldet er formgitt.

På appen kan ein òg lagre favorittar frå museet til si personlege samling. Og neimen om vi veit om det er ei forgløyming, eller om rommet ikkje reknast som eit eige verk, men på appsida for rom 25 er det ikkje noko omriss av eit hjarteikon som ventar på å bli fylt av lidskapeleg raudt når ein klikkar på det. Så istaden for å lagre det i våre favorittar så får vi seie det offentleg: ❤ Vi likar Skjermtid