Førsteårsstudentane på bachelor grafisk design og illustrasjon er allereie utvalde til utstilling i London. F.v. Kainat Jawaid, Stener Vaagland, Martin Hofseth, Hannah Ødegård og lærar Ane Thon Knutsen.
Førsteårsstudentane på bachelor grafisk design og illustrasjon er allereie utvalde til utstilling i London. F.v. Kainat Jawaid, Stener Vaagland, Martin Hofseth, Hannah Ødegård og lærar Ane Thon Knutsen.

Protestplakatar til London

Førsteårsstudentane på bachelor i grafisk design og illustrasjon starta semesteret med å lage protestplakatar. No er to av prosjekta klar for utstilling i London!

– Kvar student har valt sitt eige tema, så det kjem frå hjartet, fortel Hannah Ødegård, Kainat Jawaid, Martin Hofseth og Stener Vaagland. 

Senk husleia av Hannah Ødegård og Kainat Jawaid.– Kainat og eg har laga ein protestplakat mot den håplause bustadmarknaden. Husleiga er alt for høg og det er nærast umogleg å eige, seier Hannah Ødegård. 

– Vi sjekka SiO (Studentsamskipnaden) sin kalkuator for budsjett, den viser at studentar har maks 3500,- å bruke på bustad i månaden, medan knapt nokon av SiO sine bustader kostar under 4000,-. Det sei jo noko om kor ille det er for tida. 



Rasister, politi av Martin Hofseth og Stener Vaagland.– Då vi deltok på dette kurset, hadde SIAN (Stopp islamiseringen av Norge) nettopp halde ein demonstrasjon framfor Stortinget, forklarar Martin Hofseth om plakaten han laga saman med Stener Vaagland. 

– Politiet ramma inn SIAN med gjerder, der dei stod og ropa ut rasistiske fråsegn, og vi fann det interessant å sjå nærare på dynamikken mellom politiet og SIAN-aktivistane. Kven var det politiet beskytta? Så vi la ordet ‘POLITI’ oppå ordet ‘RASISTER’.


– Begge desse plakatane er visuelt sterke, det er lett å skjøne kva dei handlar om, seier Ane Thon Knutsen, ansvarleg for kurset og tidlegare stipendiat ved KHiO.  – Det er flott at studentane engasjerer seg i samfunnsmessige saker og kan bidra til ein stolt tradisjon. Protestplakaten er eit medium som historisk høyrer studentane til i stor grad og eg tenkte det ville vere ei passande oppgåve for studentane å lage protestplakatar. 

– Vi vart litt overraska då vi fekk beskjed om at vi var komme med på utstillinga, men det er fantastisk å kjenne på at arbeidet får anerkjenning, smiler Martin Hofseth.

Protestplakatar laga av førsteårstudentane på grafisk design og illustrasjon.Utstillinga som opnar i London 5. desember, er kuratert av New North Press og inneheld framtidsretta kunstuttrykk frå etablerte trykkeri over heile verda, i tillegg til arbeid frå studentar og særleg inviterte utstillarar. Den skulle eigentleg vere i mai, men på grunn av korona, vart den utsett til desember.