Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 151, Firefox (Android) 153, Android WebView 151, Chrome 151, Chrome 150, Chrome 149, Chrome 148, Chrome 145, Chrome 120, Chrome 109, Edge 151, Edge 150, Edge 149, Firefox 154, Firefox 153, Firefox 152, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.6, Safari/Chrome (iOS) 26.5, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 131, Opera 127, Safari (MacOS) 26.6, Safari (MacOS) 26.5, Samsung 30, Samsung 29

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Ketil Akerø. Foto: Tale Hendnes/Dansens Hus
Ketil Akerø. Foto: Tale Hendnes/Dansens Hus

Ny seksjonssjef for teknisk produksjon

Ketil Akerø er tilsett som seksjonssjef for teknisk produksjon. Han kjem frå stilling som teknisk sjef ved Dansens Hus.

-Kunsthøgskolen er svært tilfreds med å få inn ein kompetent person som Ketil Akerø, seier fungerande direktør Pål Stephensen. KHiO har ein stor og komplisert infrastruktur med mange scener og verkstader der teknisk utstyr krev løpande fornying, utvikling og vedlikehald. Og Akerø har ein god og relevant bakgrunn for alt dette.

-KHiO er ein institusjon med eit levande og kreativt miljø, og eg ser fram til å samarbeide med mange dyktige fagfolk i arbeidet med å vidareføre og vidareutvikle kompetansen og servicenivået til støttefunksjonane rundt utdanninga av nye kunstnarar og kunsthandverkarar, seier Ketil Akerø, ny seksjonssjef for teknisk produksjon ved KHiO.

Ketil Akerø kjem frå stillinga som teknisk sjef ved Dansens Hus. Han har lang og brei erfaring frå scenekunstfeltet som teknikar, lysdesignar, administrator og ulike leiarroller. Akerø tiltrer stillinga 1. april 2021.