Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 151, Firefox (Android) 153, Android WebView 151, Chrome 151, Chrome 150, Chrome 149, Chrome 148, Chrome 145, Chrome 120, Chrome 109, Edge 151, Edge 150, Edge 149, Firefox 154, Firefox 153, Firefox 152, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.6, Safari/Chrome (iOS) 26.5, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 131, Opera 127, Safari (MacOS) 26.6, Safari (MacOS) 26.5, Samsung 30, Samsung 29

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Foto: Emil Vestre / KHiO
Foto: Emil Vestre / KHiO

Ny prorektor for utdanning

Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Martin Lundell som prorektor for utdanning i eit åremål på to og eit halvt år, med oppstart frå januar 2025.

Lundell kjem frå stillinga som professor og fagleg programansvarleg for grafisk design og illustrasjon.

– Eg søkte meg til KHiO for tolv år sidan fordi eg er engasjert i fagfeltet mitt og ikkje minst i undervising – både korleis vi underviser, og korleis studia er bygde opp. I tillegg har eg alltid vore oppteken av studentane og av å skape eit best mogleg læringsmiljø, seier Lundell.

– Då åremålet mitt ved designavdelinga var over, såg eg det som ei spanande utfordring å få jobbe med undervising på eit meir overordna plan. Vi har ei brei samansetning av fag, og det er verkeleg eit privilegium å få setje seg inn i dette og samarbeide med ein så mangfaldig og kompetent fagstab. Samstundes som vi har stor fagleg breidde, er det mykje som sameinar oss, og eg trur vi har potensial for meir samarbeid på tvers av fag, fortset han.

– Noko av det vi har felles, er at vi er opptekne av både det kunstnarlege og det menneskelege. Vi brukar hender, hovud og kropp i vår forståing av å vere i verda og til å forandre verda. Vi har òg ein studentorientert pedagogikk som handlar om å sjå kvar enkelt student – deira styrkar og interesser – og korleis vi best kan hjelpe dei å utvikle seg. Eg trur andre utdanningsinstitusjonar kan ha mykje å lære av pedagogikken som blir praktisert på KHiO. Og eg meiner faga og tilnærmingane våre er sårt tiltrengde i samtida, seier Lundell.

Rektor Marianne Skjulhaug er glad for at Lundell har takka ja til stillinga som prorektor for utdanning.

– Lundell kjenner KHiO godt, har solid erfaring med undervising og eit sterkt engasjement for kvalitet i utdanning. Eg gler meg til vidare samarbeid!