Ny leiing på plass for masterprogramma på avdeling kunst og handverk
Professor Susanne M. Winterling og førsteamanuensis Ebba Moi skal leie masterprogramma på kunst og handverk.
Winterling er nytilsett professor i medium- og materialbasert kunst, og som programansvarleg skal hen leie masterutdanninga i medium og materialbasert kunst. Moi fungerer som programsvarleg for og skal leie masterutdanninga i kunst og offentlege rom, og saman representerer dei ein ny kurs for masterutdanningane på avdeling kunst og handverk.
Susanne Winterling
Winterling, med bakgrunn i humaniora, kunsthistorie og filosofi, kjem frå stillinga som professor på kunstakademiet i Trondheim, og har tidlegare vore tilsett som professor ved Kunstakademiet her på KHiO.
– Vi er veldig nøgd med at Susanne Winterling takka ja til åremålet som professor hos oss – hen har ein særleg interessant fagprofil og vi er spente på korleis hen vil sette namnet sitt på masterutdanninga i medium- og materialbasert kunst ut i frå denne, skriv dekan Boel Chrsitensen-Scheel.
Gjennom praksisen sin reflekterer Winterling over politiske så vel som estetisk innfløkte makstrukturar mellom menneske, dyr og materie. Sentralt står ei kritisk utforsking av korleis røynda blir representert. I kontrast til rådande maktstrukturar og hierarki nærmar Winterlings arbeid seg medier og materiale på sanseleg vis.
Ebba Moi
–Moi har vore ein viktig ressurs i avdelinga lenge, og vi er no så heldige at ho skal fungere som programansvarleg for masterprogrammet i kunst og offentlege rom, seier Christensen-Scheel. – Det er gledeleg at vi har heilt ny leiing på plass til å føre masterutdanningane vidare, seier ho vidare.
Moi har bak seg eit langvarig engasjement med kunstnarkollektivet Tenthaus. Ho har ei sterk interesse for kollektivt og samfunnsengasjert arbeid og er opptatt av deltaking som arbeidsmetode. Moi verkar som kunstnar, kurator, prosjektleiar og produsent for ulike sjølvinitsierte prosjekt. I arbeidet med å skape kunst i offentlege rom, ligg fokuset hennar på involvering og sjølve prosessen som kunstnarleg strategi.
Meir om Winterling
Winterling har ny utstilling i Trondheim Kunsthall 7.september–13. november 2022.
Les meir om den kunstnarlege praksisen til Susanne Winterling på tilsettsida, og les og sjå meir på desse lenkene:
- susannewinterling.com
- planetary-sensing.com http://pandorasbox.susannewinterling.com
- http://shelterthelighthouse.tumblr.com
- https://blockadia-tiefsee.tumblr.com/
- https://khio.no/ansatte/susanne-winterling