Ny kunst til folket
På Haugar kunstmuseum i Tønsberg kan du få tak i ny kunst frå KHiO sine masterstudentar på kunst og handverk. Slik synleggjer museet kommande generasjonar kunstnarar og studentane på si side bidreg med kunst i verdsklasse.
– Dette er ein gylden moglegheit til førstehandskjøp av blodfersk kunst, seier Inger Mary Stokke, konsulent ved Haugar kunstmuseum, som ligg i Tønsberg under Vestfoldmuseene. – Vi skiftar ut utstillinga sånn omtrent to gongar i året, og sidan vi ikkje er eit galleri, får du ta med deg kunsten straks du kjøper hos oss.
Inger Mary Stokke gleder seg over å pakke opp verka til studentane. – Ein student som har vore med tidlegare kan i neste omgang sende heilt andre verk til neste utstilling, og det er veldig spanande, seier ho og pakkar forsiktig opp verk for verk iført kvite hanskar.
Samarbeidet starta våren 2022 og salsutstillinga er representert med grafiske trykk, tegningar, keramiske objekt, tekstilarbeid samt metall- og smykkekunst. I starten av juni er det klart for ny utstilling, og Stokke er spent på om det blir like stor interesse som i fjor sommar.
– Vi har mange hyttefolk som kjem innom på denne tida. Det er jo ei moglegheit til å sikre seg arbeid frå nye kunstnarar utan å måtte spore dei opp sjølv i hovudstaden. Det er klart at ein del synes det er mykje pengar å skulle ut med, og som institusjon er vi pålagt å tene pengar, så kanskje hadde det vore meir å tene ved å selje suvenirar i plast til publikum. Men det gjer godt for hjarte å kunne tilby noko skikkeleg, og eg er veldig glad for at leiinga støttar opp om tiltaket.
Arbeid i verdsklasse
Metall- og smykkekunst på KHiO er landets einaste høgare kunstutdanning med spesialisering i smykkekunst og objekt. Det er ei spesialisering innan faget medium- og materialbasert kunst, som også inkluderer tekstil, keramikk og grafikk og teikning. Alle desse retningane er representert i butikken på Haugar kunstmuseum.
– Metall- og smykkekunst handlar om kroppsnære kunstverk som snakkar høgt om det sosiale og det politiske, det som gjeld notida. Du kan ha det på og tydeleg fortelje kva du tenker. Vi jobbar også med store objekt og installasjonar, fortel masterstudent Dariusz Wojdyga. Denne våren har vi mellom anna besøkt messa Schmuch i München, der medstudent Tamara Marbl Joka vann hovudpremien. Det er som å vinne Oscar i smykkeverda!
The Oscar goes to … - Kunsthøgskolen i Oslo (khio.no)
Dariusz har arbeidsplass like ved Tamara og fortel at etterspørselen etter arbeida hennar har auka veldig etter ho vann den gjeve prisen. Men også dei andre studentane har hatt ein travel vår.
– Vi har vore på Silver festival i Legnica Poland, og no kjem vi akkurat frå Valencia og Melting Point. Desse møtestadane er viktig for oss, vi stiller ut smykke og objekt, og møter samlarar og galleristar. Vi skjønar det er ei stor nisje, men dei som skapte feltet blir eldre, det gjeld og samlarar og galleristar. Så på ein måte kan ein seie det er krise, men eg vel å sjå det som eit stort potensiale for å skape ei ny bølge. Så slike samarbeid som det vi har med Haugar er først og fremst viktig for å vise Noreg at her på KHiO har vi ei avdeling i verdsklasse.
Programkoordinator ved kunst og handverk, Christine Hammer Krokstrand, fortel at tilbodet til studentane kjem i tillegg til den vanlege studiekvardagen og fungerer som ein ‘open call’, slik at dei som vil kan vere med.
– Masterstudentane våre held alle eit høgt nivå, dei har passert eit nålauge ved å komme inn her, derfor er det ikkje nødvendig å bruke juryering på kven som får vere med. Og Haugar gjer ein kjempejobb med å bringe verka frem og tilbake, rigge ei flott museumsbutikkutstilling og framsnakke studentarbeida for sine besøkande. Ved første runde, i samband med sommarutstillinga i fjor, selde dei 19 verk av våre studentar! Men det viktigaste ved samarbeidet er at det er ei strålande moglegheit for studentane for å vise seg fram, knytte kontaktar, bygge cv og profesjonalisere seg som kunstnarar.
Unike kunstverk versus masseproduksjon
– Dette samarbeidet har vore ei veldig god moglegheit for meg, seier Théotime Ritzenthaler, også han masterstudent på metall- og smykkekunst.
– Eit slikt samarbeid førebur deg på eit liv som sjølvstendig kunstnar. Du må tenke på ting som tidsfristar, korleis prise arbeida dine, korleis tilpasse eit objekt til å skulle passe i ei butikkhylle i motsetnad til ein del av ein større installasjon, som er det eg driv mest med til vanleg.
Théotime viser fram nokre av metallarbeida sine, som stort sett er laga i stål. I smia former han arbeida til å bli organiske, nærast levande og i forfall.
– Arbeida mine er svært kroppslege, seier han og viser fram noko som kan minne om ein ribbein. – Eg leikar meg med miksen av det organiske i samspel med det kliniske og industrielle. Då eg skulle levere arbeid til Haugar, måtte eg sjå på korleis eg kunne trekke ut enkeltelement og gjere dei til sjølvstendige objekt. Det har vore ein svært interessant prosess, som har gjort meg meir sjølvsikker i arbeidet mitt og eg gleder meg til å fortsette samarbeidet.
Théotime Ritzenthaler meiner fleire museum burde tilby sal av ny samtidskunst.
– Eit museum er tilgjengeleg for alle og her kan publikum få auga opp for at dei faktisk kan kjøpe med eit kunstobjekt heim, sjølv om dei ikkje er millionærar. Det synes eg er ein viktig bodskap, uansett om folk kjøper eller ikkje. Tenk om Munchmuseet hadde tilbydd norsk samtidskunst i butikken sin, i staden for å kopiere “Skrik” på absolutt alt av objekt du kan tenke deg? For ein moglegheit for å vise fram og spreie ny norsk kunst både nasjonalt og internasjonalt. Unik kunst vil sjølvsagt vere litt dyrare enn ein masseprodusert suvenir, men ved å tilby arbeid frå nye kunstnarar, er det likevel tilgjengeleg for mange reint pris-messig.
–Og når du kjøper arbeid frå ein ny kunstnar, er det ikkje på grunn av namnet til kunstnaren, men fordi du føler deg knytt til verket og verkeleg likar det. Det likar eg.
Å spreie kunnskap
– Det er stor forskjell på galleri og museum, seier Dariusz. – Galleri er, slik eg ser det, først og fremst kjøp og sal, medan eit museum løftar ting opp og gjev rom for å snakke om kunst og kunstnarar. Det narrative kjem meir fram.
Dariusz sjølv er svært aktiv i å dele kunnskap om sitt fagfelt. På KHiO driv han Galleri Skranken ved sida av resepsjonen på KHiO. Her skiftar utstillinga kvar månad med arbeid frå medstudentar og nokre eksterne. Tidlegare professor Sigurd Bronger, ein av dei verkeleg store innan samtidssmykkekunst, deltek alltid med eit eller fleire arbeid. I tillegg inviterer Dariusz til samtaleserien Display Case kvar torsdag, der kunstnarar og institusjonar deltek for å spreie kunnskap og interesse.
– Eg tenker som Théotime, at det i større grad bør vere samsvar mellom det eit museum presenterer og det museumsbutikken sel, at du faktisk kan få med deg genuin kunst heim. Derfor er eg så stor tilhengar av samarbeidet med Haugar.
Grensesprengande
I tillegg til kroppssmykker, jobbar Dariusz også med store ting, som bodyextensions.
Eg fabulerer rundt ein utopi knytt til det mekaniske, at vi ein dag kanskje ikkje treng kroppane våre lenger, berre sinnet. Då treng vi ikkje lenger det som fører til krig, nemleg kampen om mat og land. Det er klart, det er ein utopi, men ved å jobbe med denne type ting, kan vi kunstnarar kome med grensesprengande idear til nytte for samfunnet.
Bortsett frå nokre sølvobjekt laga av ei venninnes sølvbestikk, brukar Dariusz mest det vi ser på som mindre verdifulle metall.
– Eg hentar faktisk opp ting frå Akerselva rett utanfor her og bruker det til å lage arbeida mine. Men det er klart, det gjennomgår ein stor transformasjon gjennom dei teknikkane og den fagkunnskapen eg har tileigna meg. Vi kastar ikkje berre saman noko og kallar det kunst. Det er så mange moglegheiter og teknikkar å lære.
Han viser fram nokre avlange, ledda objekt.
– Eg har laga desse bevegelege objekta som ein kan bere på kleda sine, og i tankane mine roper objekta til dei som ein gang kasta metallet i elva; “Ikkje gjer det!”, ropar han og ler.
Dariusz går også sjølv med nokre av objekta han har laga, mellom anna eit stort metallsmykke med eit smilande ansikt på.
– Dette smykket har eg hatt på meg på alle turane vi har vore på i vår. Tema er krise, vi har opplevd covid, det er krig i Europa - eg ønsker å seie at så lenge vi er i live og pustar, må vi gjere det vi kan for å ha det fint - så ta fram smilet og del det!