Miriam Sogn fungerer som prorektor på KHiO

Miriam Sogn skal fungere som prorektor på KHiO, frå mars 2020, og i den tida Anne-Linn Akselsen har fødselspermisjon.

Miriam Sogn arbeider til dagleg som høgskolelektor med ansvar for kunstnarisk undervisning og rettleiing i stemmebruk, og som fungerande emneansvarleg i skodespelarfag, ved avdeling Teaterhøgskolen.

Sogn er utdanna skodespelar ved Statens teaterhøgskole frå 1994—97 og har i tillegg pedagogutdanning frå KHiO frå 2009—2010. I 2010 starta ho å undervise på praktisk pedagogiske utdanning i skodespelarfag i tillegg til scenisk formidling for klassisk ballett ved avdeling dans. I 2013 starta ho som timelærar i stemmefag på Teaterhøgkolen. Frå 2016 har ho vore tilsett som stemmepedagog og har sidan 2018 også fungert som emneansvarleg i skodespelarfag.

Som skodespelar har Miriam Sogn arbeidd ved ulike teater i Noreg, både innanfor institusjonsteatret og i det frie feltet. Ho har også arbeidd med tv, film, radioteater, dubbing og teaterregi.

Valt rektor

Kunsthøgskolen i Oslo har ei ordning med valt rektor. Måns Wrange er valt til rektor og Anne-Linn Akselsen prorektor for fireårsperioden 2019-2023. I ein situasjon med ei kortare fungering i samband med ein fødselspermisjon har styret ved KHiO, etter framlegg frå rektor, vedteke å peike ut ein fungerande prorektor ved institusjonen. Fungeringa vil gjelde for perioden mars-oktober 2020.