Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Studentar ved Operahøgskolen blir med i det nye samarbeidsprosjektet OperaUng, der dei skal vere mentorar for unge med interesse for opera. (Illustrasjonsfoto er frå masteravgangsforestillinga Orpheus på Den Norske Opera & Ballett, 2024
Regi: Stefan Herheim Foto: Erik Maxim)
Studentar ved Operahøgskolen blir med i det nye samarbeidsprosjektet OperaUng, der dei skal vere mentorar for unge med interesse for opera. (Illustrasjonsfoto er frå masteravgangsforestillinga Orpheus på Den Norske Opera & Ballett, 2024 Regi: Stefan Herheim Foto: Erik Maxim)

Mentorordning for unge operatalent

Operahøgskolen går denne hausten inn i eit heilt nytt samarbeid der interesserte vidaregåande elevar får lære om, oppleve og framføre opera saman med Operahøgskulen sine studentar og også profesjonelle solistar. Sparebankstiftinga har støtta det nye talentprogrammet kalla OperaUng, med 894 000 kr.

OperaUng er eit prosjekt som vart initiert av OscarsborgOperaen og Opera Østfold saman med UngMusikk. Tiltaket som gjev alle musikkelevar i vidaregåande skular i Akershus og Østfold anledning til å lære om og oppleve opera har vore ein stor suksess. No vert OperaUng vidareutvikla med eit ytterligare fordjupingsnivå for interesserte unge med forutsettingar for opera saman med Operahøgskolens studentar, og også profesjonelle solistar.

– Vi er djupt takknemlege for denne støtta, seier dekan Anna Einarsson. – Den vil bety mykje, både for Operahøgskolen sine studanter, men også for unge, sanginteresserte elevar frå vidaregåande skular, som med dette kan oppdage ein kunstform dei ellers kanskje ikke ville ha møtt.

Ho legg til at det er ei særleg velkomen støtte med tanke på den trange økonomiske situasjonen vi er i.

– Den 17. september har vi invitert interesserte sangelevar frå 15 år og oppover til å delta på ein eigen Open dag på Operahøgskolen. Her blir det anledning til å møte Operahøgskolens studentar, følge prøvene deira og stille studentane spørsmål. Vi arrangerer og prøvesynging til koret i oppsettinga av operaen Eugen Onegin, som operastudentene skal framføre på Operaen til våren.

Einarsson fortel vidare at det er tenkt at dei vidaregåande elevane skal få kvar sin mentor blant KHiOs operastudentar.

– Vi håpar og trur at dette nye samarbeidsprosjektet vil rekruttere fleire utøvarar og også eit nytt, yngre og breidare publikum til operaen.


OperaUng
vert organisert som eit samarbeid mellom UngMusikk, dei to regionoperaane, musikklinjene i vidaregåande skular i Akershus/Østfold, Dronning Sonja Akademiet og Operahøgskolen.