Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Meirik med fornya åremål på Teaterhøgskolen

Meirik med fornya åremål på Teaterhøgskolen

Victoria Meirik skal vere dekan på Teaterhøgskolen også dei fire neste åra.

Meirik fungerte i stillinga frå 1.oktober 2018, før ho blei tilsett i åremålsstilling i 2019. Det nye åremålet varer til 2027. Meirik (48) er regissør og har tidlegare mellom anna arbeidd ved Nationaltheatret, Den Nationale Scene i Bergen og Rogaland Teater. Ho har regi på publikumssuksessen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar, som framleis spelar på Det Norske Teatret / Rommen scene, meir enn tre år etter premieren.

– Det er ei glede å få lov til å halde fram i denne viktige stillinga, med så gode kolleger og studentar, for å skape ei toneangjevande utdanning innafor  fagfeltet vårt, seier Meirik. – KHIOs nye strategiarbeid lovar godt for framtida, særleg knytt til det viktige arbeidet som ligg framfor oss i å sikre berekraftige utdanningar innan kunst og design. Eg gleder meg til å fortsette dette arbeidet, påkeiker ho vidare.

Før tida på KHiO har Meirik har hatt fleire verv og oppdrag, mellom anna som kunstnarleg leiar for Norsk Dramatikkfestival, og ho fekk i 2010 Heddaprisen for beste regi for "Antigone" på Trøndelag Teater. Meirik er utdanna ved Amsterdamse Hogeschool voor der Kunsten i Nederland, og har dessutan studert drama ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og teatervitskap ved Universitetet i Oslo.