Marte Johnslien.
Marte Johnslien.

Marte Johnslien til KHiO

Marte Johnslien er tilsett som førsteamanuensis i keramisk kunst, i ei åremålsstilling i 50% for seks år, ved avdeling kunst og handverk.

Marte Johnslien er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho disputerte 10. juni i 2020 ved KHiO med prosjektet Circumstantial Sculpture, der ho utforska keramisk materiale og skulptur.

Johnslien har hatt soloutstillingar ved mellom andre Henie Onstad Kunstsenter (2014), Galleri Riis (2011, 2013) og Kristiansand Kunsthall (2013). Ho har delteke på internasjonale mønstringar og gruppeutstillingar og er innkjøpt av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og Henie Onstad Kunstsenter.

Marte Johnslien starta i stillinga i august 2020.

Meir informasjon: www.martejohnslien.com