Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 92, Firefox (Android) 90, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 92, Baidu 7.12, Chrome 92, Chrome 91, Chrome 90, Edge 92, Edge 91, Firefox 91, Firefox 90, Firefox 89, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.7, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 78, Opera 77, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 14, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 14.0, Samsung 13.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Rektor Markus Degerman og prorektor Heidi Marian Haraldsen. Foto: KHiO
Rektor Markus Degerman og prorektor Heidi Marian Haraldsen. Foto: KHiO

Markus Degerman ny rektor på Kunsthøgskolen i Oslo

Markus Degerman er valt til ny rektor og Heidi Marian Haraldsen til ny prorektor på KHiO. Kandidatparet fekk 79 % av røystene blant tilsette og studentar.

Degerman og Haraldsen var einaste kandidatpar.

Røystene fordelte seg slik:

Ja: 79,00 %
Nei: 21,00 %
Det var 52 blanke røyster.

Valdeltakinga var på 49,13 %. 806 personar var røysteføre. 396 deltok i valet og av desse røysta 52 blankt. 9 røyster vart avvist.

Degerman og Haraldsen gjekk til val på dette valprogrammet:
Norsk (pdf)   Engelsk (pdf)

Markus Degerman

Markus Degerman er for tida fungerande rektor på KHiO. Han er i tillegg dekan ved avdeling kunst og handverk. Han starta opp som dekan 7. oktober 2019 i ei åresmålsstilling for fire år.

Markus Degerman har bakgrunn som kunstnar frå både visuell kunst og arkitektur. Han er utdanna ved Kungl. Konsthögskolan, Konstfack og Nyckelviksskolan i Stockholm og Konsthögskolan i Umeå. Til KHiO kom han frå stillinga som professor og instituttleiar for Kunstakademiet ved Universitetet i Tromsø.

Degerman har brei bakgrunn som kurator og utstillar og frå design, teori og undervisning. Som kunstnar har han arbeidd mykje med romleg design i ulike omgjevnader som offentlege rom, byrom og kunstinstitusjonar, mellom anna frå design og arkitektkontoret Uglycute i Stockholm.

Degerman er for tida ordførar i komiteen for kunstnarisk forsking ved Vetenskapsrådet i Sverige.

Heidi Marian Haraldsen

Heidi Marian Haraldsen er førsteamanuensis i pedagogikk og studieprogramansvarleg for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i dans og teater. Ved KHiO har ho undervist og jobba med kunstpedagogikk, utdanningskvalitet, læremidlar i dans, og pedagogisk psykologi sidan 2008. Heidi er utdanna dansekunstnar med ein bachelor i dans frå Statens balletthøgskole (KHiO). Ho har 20 års profesjonell erfaring innan dans, først og fremst innan undervisning og koreografi og som grunnleggar av skolen Danseverket. Ho har også produsert og turnert for Den kulturelle skolesekken, jobba med dans for kamera, og gjennomført fleire kunstprosjekt ute i lokalsamfunn retta mot ulike målgrupper.

Ho har akademiske utdanning frå Pedagogisk forskningsinstitutt ved Universitet i Oslo med hovudfag i pedagogikk med avhandlinga «Det estetiske mennesket - betingelser for en mer estetisk pedagogikk».

Heidi gjennomførte ein doktorgrad om talentutvikling i utøvande kunst og idrett ved Noregs idrettshøgskole 2015-2019, der ho forska på kva betydning individuelle og kontekstuelle faktorar har for utøvarars motivasjon, prestasjon og psykiske helse. I dag er ho aktiv i forskingsprosjektet REDE (Resilience and Ethics in Dance Education) med fleire pågåande studiar.
Heidi Haraldsen er medlem av styret på KHiO, vald som representant av fagleg personale.

Valperiode for to år

Rektor Markus Degerman og prorektor Heidi Marian Haraldsen er valt for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2023.

Våren 2019 blei Måns Wrange valt til ny rektor ved KHiO frå 1. august 2019 til 31. juli 2023, saman med Anne-Linn Akselsen som prorektor. Ettersom Måns Wrange sa opp og gjekk av som rektor halvvegs i perioden på fire år, lyste KHiO ut nytt rektorvalg våren 2021 for resten av valperioden. 

Pressekontakt

Atle Faye, tlf.: +47 913 47 369, e-post: atle.faye@khio.no