![Markus Degermann. Foto: privat Markus Degermann. Foto: privat](/system/images/W1siZiIsIjIwMTkvMDgvMTIvMTVfMjdfNTBfNDg5X21hcmt1c19kZWdlcm1hbi5qcGciXSxbInAiLCJ0aHVtYiIsIjE1MzZ4MTE1MiMiXV0/markus%20degerman.jpg)
Markus Degerman ny dekan ved avdeling kunst og handverk på KHiO
Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Markus Degerman som dekan ved avdeling kunst og handverk i ei åremålsstilling for fire år.
Markus Degerman (46) er kunstnar med bakgrunn frå både visuell kunst og arkitektur. Han er utdanna ved Kungl. Konsthögskolan, Konstfack og Nyckelviksskolan i Stockholm og Konsthögskolan i Umeå. Han arbeider nå som professor og faggruppeleiar for Kunstakademiet ved Universitetet i Tromsø.
Degerman har brei bakgrunn som kurator og utstillar og frå design, teori og undervisning. Som kunstnar har han arbeidd mykje med romleg design i ulike omgjevnader som offentlege rom, byrom og kunstinstitusjonar, mellom anna frå design og arkitektkontoret Uglycute i Stockholm.
Degerman er for tida ordførar i komiteen for kunstnarisk forsking ved Vetenskapsrådet i Sverige.
Markus Degerman tiltrer stillinga som dekan ved avdeling kunst og handverk 7. oktober 2019.