Mari Koppanen (til høgre) og Nina Tsybolskaia. Foto: privat
Mari Koppanen (til høgre) og Nina Tsybolskaia. Foto: privat

Mari Koppanen tok storeslem under Designers Saturday

Mari Koppanen, som gjekk ut frå master design ved KHiO våren 2019, vann både 1. og 2. pris under DS Awards Best Talents 2019.

Blant dei tretten nominerte tok Mari Koppanen både 1. og 2. plass under kåringa av DS Award Best Talent. Ho fekk prisane for:

1. We Grew Together
2. Modern Nomadism

På biletet er den lukkelege prisvinnaren saman med Nina Tsybolskaia som fekk 3. plass for prosjektet Over The Deadline. Også ho er tidlegare KHiO-student og gjekk ut frå master i design i 2019.

DS Award Best Talents

Designers’ Saturday Oslo 2019 inviterte designstudentar og designarar i etableringsfasen til ein felles konkurranse og utstilling under haustens event 6.-8. september. Alle designstudentar og designarar uteksaminert dei siste fem åra frå norske designutdanningar og norske studentar ved tilsvarande høgskolar/universitet i utlandet var velkomne til å delta med eitt eller flere produkt, som ikkje var eldre enn to år.

Juryen plukka ut tretten nominerte som var del av DS Awards Best Talents 2019-utstillinga på Kunsthøgskolen i Oslo 6.-8. september 2019. Vinnarane vart kåra under den offisielle opninga av Designers´ Saturday Oslo 6. september 2019.

Les intervju med Mari Koppanen

Les meir om DS Award Best Talent

Sjå også marikoppanen.com