Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 144, Firefox (Android) 147, Android WebView 144, Chrome 144, Chrome 143, Chrome 142, Chrome 141, Chrome 139, Chrome 126, Chrome 125, Chrome 112, Chrome 109, Edge 144, Edge 143, Edge 142, Firefox 147, Firefox 146, Firefox 145, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.2, Safari/Chrome (iOS) 26.1, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 125, Opera 124, Safari (MacOS) 26.2, Safari (MacOS) 26.1, Samsung 29, Samsung 28

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

I møbelserien FOMES brukar Mari Koppanen materialet amadou laga av sopp. No forskar ho på materialet i sin ph.d. Foto: Jere Viinikainen
I møbelserien FOMES brukar Mari Koppanen materialet amadou laga av sopp. No forskar ho på materialet i sin ph.d. Foto: Jere Viinikainen

Mari Koppanen - eit designtalent å følge

Ifølge Vogue Scandinavia er Mari Koppanen på toppen av lista over designtalent du bør følge framover. Akkurat no tar ho ein ph.d.-grad på Kunsthøgskolen i Oslo.

Web Corund Mari Koppanen 02– Vogue er eit magasin eg alltid har sett opp til. Derfor var det ei fantastisk overrasking å sjå at dei har vald meg som ei å følge i 2023!, melder ei glad Mari Koppanen.

Vogue Scandinavia: Meet the Scandi interior design stars of tomorrow 

I samband med Stockholm’s Furniture Fair har Vogue Scandinavia plukka ut sju talent å følge, og Mari Koppanen med møbelserien FOMES toppar lista.

Web Corund Mari Koppanen 02

Frå møbelserien FOMES. Foto: Jere Viinikainen

– I ph.d.-prosjektet mitt forskar eg på material basert på sopp, og då særleg materialet amadou som eg også har brukt i møbelserien FOMES. 

I møbelserien som ho laga før ho starta å forske, inngår så langt to sittemøbel. Beina er laga av bjørk og så er dei trekt i det lærliknande materialet amadou laga av handverkarar frå Romania. Setet er trekt med mjuk ull.

– Material laga av sopp vert brukt av fleire innafor designverda no, men etter mi meining så er amadou alle soppmaterial si mor. Det har vore brukt i tusenvis av år i medisinske og spirituelle samanhengar og har ein historisk og kulturell verdi. Til og med Øtzi, den 5000 år gamle mumifiserte mannen funne i ei isbre på den italiensk–austerrikske grensa, hadde amadou med seg. Gjennom å vise potensialet og auke medvettet om materialet, vil eg bidra til å halde denne handverkstradisjonen i live. Møblane vekker interesse og designarrangement som Stockholm’s Furniture Fair er gode forum for å fortelje om materialet, historia og forskinga mi.

Web Corund Mari Koppanen 02

I tillegg til å ønske å halde handverkstradisjonen i live er Koppanen også oppteken av at materialet er ei god erstatning for skinn laga av dyr. Ho er sjølv frå ein liten stad i Finland og har alltid vore glad i skogen og den fasinerande hemmelege verda soppane skaper.

– I ph.d.-prosjektet mitt forskar eg på soppen meir som eit kulturelt, pedagogisk og sosialt element. Ein stor del av arbeidet mitt er å samarbeide med den vesle byen der materialet framleis er i bruk til å lage hattar og vesker. Til våren kjem det ein dokumentarfilm som vart filma no i haust og som fortel historia om ein av dei eldste sopphandverkarane i byen.

Web Corund Mari Koppanen 02Web Corund Mari Koppanen 02



Følg

@mari.koppanen

www.marikoppanen.com