Kronprinsessa og vevkunsten
Kronprinsesse Mette-Marit er oppteken av veving som handverk og kunstform og onsdag 10. april kom ho på sitt første besøk til KHiO. Her vart ho tatt imot av ordførar Anne Lindboe, som også var med på omvisinga.
– Så nydeleg!, seier Kronprinsesse Mette-Marit, då ho kjem inn i utstillinga med vevarbeid i Resepsjonsgalleriet. Dette er første stopp under Kronprinsesse Mette-Marits besøk til KHiO. Ho har sjølv ønska å få kome på besøk til fagområdet tekstil her hos oss.
Kronprinsesse Mette-Marit er særleg interessert i vev og besøker KHiO for første gang. Her saman med ordførar Anne Lindboe (t.v.) og rektor Marianne Skjulhaug (t.h.). Foto: Kristine Jakobsen/KHiO
Etter ein kort introduksjon frå rektor Marianne Skjulhaug og dekan ved avdeling kunst og handverk, Markus Degerman, tek professor i tekstilkunst, Franz Schmidt, over og tar med kronprinsessa bort til dei ulike studentarbeida.
– Her er det eit stort spenn i arbeid, heilt i frå det som er laga på introduksjonskursa til vev og til det som er laga av masterstudentar som har drive med vev i mange år. Her er også brukt mange ulike teknikkar frå grindvev til digitalvev, fortel Schmidt og presenterer masterstudentane Ingrid Hopland Gimse (MA1) og Magnus Håland Sunde (MA2), som blir med på omvisinga. Kronprinsessa stoppar opp ved veven til Sunde, eit arbeid laga på digital jaquardvev.
Detalj vevarbeid av MA2 student Magnus Håland Sunde. Håvard Andreas Krogstad Johansen/KHiO
– Her luktar det høy, korleis har du laga dette arbeidet?
– Det var som å snakke med ein vevkollega, fortel Magnus Håland Sunde etter besøket. – Eg tenkte, er det ein vevnerd eg snakkar med, eller er det Kronprinsessa, ler Sunde. – Det var rett og slett veldig hyggeleg. Og ho var så interessert i prosjektet mitt at ho ba meg bli med i heisen då resten av følget tok trappene.
I arbeida sine er Sunde oppteken av korleis forfedra hans, som dreiv gard, var ein del av landskapet og eit økosystem.
– Eg er oppteken av garden og slotten og kulturlandkapet, som no er raudlista i Noreg. Så det er riktig at arbeida mine kan lukte høy. Eg brukar ull, lin, høy og ståltråd, og dyrkar mellom anna lin sjølv. Eg prøver også ut korleis eg kan skape tredimensjonale vevarbeid.
Vevarbeid av MA2 student Magnus Håland Sunde. Håvard Andreas Krogstad Johansen/KHiO
Herbarium i silketrykk
Neste stopp er stofftrykksalen. På eit bord ved eit av dei store vindauga i det luftige rommet, har Ingrid Hopland Gimse lagt fram deler av arbeida og arbeidsprosessen sin. Her ligg sirleg tørka blomar, silketrykk av blomar og vev der silketrykka er strimla opp og sidan vove saman igjen.
Ingrid Hopland Gimse viser fram arbeida sine til Kronprinsesse Mette-Marit og ordførar Anne Lindboe. Her studerer dei den japanske plantefargingsteknikken shibori. Foto: Håvard Andreas Krogstad Johansen/KHiO
Ingrid Hopland Gimse sitt prosjekt er ei blanding av plantefarging, vev og botanikk, og ho fortel at ho er i ferd med å lage seg eit herbarium i silketrykk, med blomar ho dyrkar sjølv.
– Desse var jo heilt usedvanleg nydelege, seier Kronprinsesse Mette-Marit om arbeida, og er straks i gang med spørsmål om teknikk, om stabilisering av arbeid og shibori, ein fargeteknikk frå Japan.
– Eg er oppteken av historieforteljing og vidareformidling av tradisjonshandverk og norsk flora, og har jobba med dette sidan eg starta her på bachelor. Kronprinsesse Mette-Marit var veldig engasjert og kunnskapsrik, og det var verkeleg kjekt å snakke med ho, seier Gimse.
Vevarbeid av Ingrid Hopland Gimse. Foto: Håvard Andreas Krogstad Johansen/KHiO
Vevsalen
Inne på vevsalen sit fleire av studentane som spesialiserer seg i vev og kronprinsessa tek seg tid til å snakke med kvar og ein om prosjektet deira og kva slags bakgrunn dei har. Ho finn ut at fleire ikkje hadde vove før dei begynte på KHiO, men kanskje har dei hatt nokon i familien som hadde vove tidlegare?
Kronprinsesse Mette-Marit tok seg tid til å snakke med alle studentane inne på vevsalen. Foto: Håvard Andreas Krogstad Johansen/KHiO
– Eg hugsar at mamma hadde ei veldig god venninne som ofte sat og spann ved rokken, og den fekk eg prøve. Det syntest eg var veldig kjekt, det var ein slik god rytme i den, fortel Kronprinsessa.
Tema tid kjem også opp fleire gonger. Å veve er noko som tar tid, og det er også nett noko av det mange av studentane set pris på – å kunne ta seg tid.
– Det er jo nettopp det eg ikkje har, seier Kronprinsessa og fortel om eit arbeid ho driv med – i akkurat same teknikk som ein av studentane.
– Når eg må la det ligge, er det nesten umogleg å kome inn i igjen. Så eg har kome fram til at eg rett og slett må få sett inn ein vev dei ulike stadane vi oppheld oss i feriane, slik at eg kan veve i alle feriane mine, ler ho.
Ved den heildigitale jaquardveven, står Magnus Håland Sunde og ventar. Han viser fram korleis han bruker jaquardveven til å lage tredimensjonale arbeid, der han mellom anna bruker lin som han har dyrka sjølv. Dei tek opp samtalen om prosjektet hans igjen og det viser seg at dei har ein felles kjenning i tekstilkunstnar Kari Dyrdal, tidlegare professor ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen.
– Dyrdal var rettleiaren min då eg gjekk på bachelor i Bergen, fortel Sunde. – Så då kronprinsessa på slutten av omvisinga fekk overlevert gåva av rektor, pakka inn i eitt av arbeida mine, kjende eg at det var veldig riktig at ho skulle få det.
Vevsymposium
– Det var verkeleg fint å sjå alle samtalane som oppstod mellom Kronprinsessa og studentane, seier Franz Schmidt, som var med Kronprinsessa rundt. Ho er både kunnskapsrik og interessert.
Professor i tekstilkunst, Franz Schmidt, var ansvarleg for omvisinga. Her er dei i Galleri Seilduken og ser nærare på dei utstilte arbeida til Ingrid Hopland Gimse. Foto: Håvard Andreas Krogstad Johansen/KHiO
Saman med fleire studentar er Schmidt invitert til Vevsymposium i Dronning Sonja KunstStall, to dagar etter besøket på KHiO. Symposiet er ein del av gåva Kronprinsessa ønska seg til sin 50-årsdag. Ved å samle menneske frå heile landet som er knytte til veving på ulike måtar, håper Kronprinsessa å bidra til at fleire menneske blir merksame på vevens betydning. Og ho ønsker å legge til rette for ein inspirerande møteplass for heile det mangfaldige vev-Noreg.
– Det er gjevande og interessant å sjå kor dedikert og interessert i veven Kronprinsessa er. Eg ser fram til symposiet på fredag, rundt 260 menneske, mange som ofte elles sit mykje for seg sjølv og arbeider, skal kome saman og dele erfaringar om vev. Noko lignande har ikkje vore arrangert tidlegare.
Siste stopp er i Galleri Seilduken der utstillinga til første års masterstudentar ved medium- og materialbasert kunst er montert opp. Her heng mellom anna arbeida til Ingrid Hopland Gimse. Men også dei andre spesialiseringane; metall- og smykkekunst, keramikk og grafikk, er representert.
Kronprinsessa gjekk også ein runde og såg på arbeida til dei andre studentane på første år master i medium- og materialbasert kunst. Foto: Håvard Andreas Krogstad Johansen/KHiO
– Eg må få lov til å koma tilbake!, seier Kronprinsessa til Franz Schmidt og dei som står rundt, då tida hennar er ute, før ho stig inn i den ventande bilen, åtte minutt på overtid.
Med gåva under armen, innpakka i vevarbeid av masterstudent Magnus Håland Sunde, takka Kronprinsessa for seg. Foto: Kristine Jakobsen/KHiO
MA1 utstillinga Offering to a stranger opnar for publikum torsdag 11. april.
Frå venstre: Dekan ved avdeling kunst og handverk Markus Degerman, rektor Marianne Skjulhaug, masterstudent Magnus Håland Sunde, H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit, masterstudent Ingrid Hopland Gimse, professor i tekstilkunst Franz Schmidt. Foto: Håvard Andreas Krogstad Johansen/KHiO