Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 96, Firefox (Android) 94, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 96, Baidu 7.12, Chrome 96, Chrome 95, Chrome 94, Edge 96, Edge 95, Firefox 95, Firefox 94, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.0-15.1, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 82, Opera 81, Opera 80, Safari (MacOS) 15.1, Safari (MacOS) 15, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 15.0, Samsung 14.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Konturane av noko verkeleg fint

Konturane av noko verkeleg fint

Programleiar i Operamagasinet på NRK, Wolfgang Plagge, likar det han høyrer under øvinga til «Elisabetta Regina d’Inghilterra». Operamagasinet følgjer masterstudentane ved Operahøgskolen i prosessen fram mot premiere 17. februar. Enten det blir framsyning på Operaen eller hovudscena på KHiO.

– Regissør Jacopo Spirei har lært oss nokre italienske kraftuttrykk, fortel Markus Bjørlykke til Operamagasinet når dei møtest i dei raude stolane ved hovudscena på Kunsthøgskolen.

– Det er berre fint at nokon pratar litt rundt oss, seier Mari Lunnan frå Operamagasinet, og startar lydopptakaren.

Dei rekk derimot ikkje stort meir enn den korte passiaren om italienske glosar før det blir tydeleg at resten av produksjon ikkje tar pause berre fordi NRK kjem innom. Operasongarar har høgt volum, så opptaket blir flytta til gangen utanfor.

– Det er ein fin sal de har her på Kunsthøgskolen, påpeikar Lunnan.
– Det har vi. Hovudscena er god backup dersom det ikkje blir mogleg å framføre i Operaen likevel, seier Bjørlykke.
– For de veit at det blir framføring? spør NRK.

Når masterstudentane ved Operahøgskolen setjer opp "Elisabetta Regina d’Inghilterra" er det første gong Rossini sin opera blir vist i Noreg. Etter planen skal avgangsframsyninga deira ha premiere ved Den norske opera og ballett 17. februar. Deretter følgjer daglege framføringar, frå 18. til 20. februar. 

Men det er altså om det blir mogleg for studentane å innta Scene 2 i Opearen.

– Vi veit at det blir framsyning. Men ikkje kor mange som kan vere publikum. Vi veit heller ikkje om det blir orkester, og om det blir på operaen eller ikkje. Men vi veit at det blir framsyning, fortel Bjørlykke.

Eva Langeland Gjerde

Den vakre songen

Gioachino Rossinis opera "Elisabetta Regina d’Inghilterra" handlar om dronning Elisabeth av England. I NRK sitt første program om produksjonen framstiller dei operaen som alvorleg og politisk. Eva Langeland Gjerde skal spele Elisabetta, og skildrar rolla si slik: 

– Ho er jo dronning, den mektigaste kvinna i England. Så ho er van til å få det som ho vil, og ganske sjølvsentrert. Når han ho har sett seg ut som ektemann syner seg å vere gift allereie, og attpåtil med dottera til erkefienden hennar, så tar ho det ikkje på den beste måten.

– Så du får frem ei sånn bitch-side av deg då? spør Lunnan.

– Ja det gjer eg, ler Gjerde.

Opera er i stilen "bel canto" – som direkte omsatt betyr vakker sang. Dekan ved Operahøgskolen Anna Einarsson framstiller det som ein teknisk krevjande stil, med mykje raske tonar opp og ned. Difor har skulen, i tillegg til gjesteprofessor og regissør Jacopo Spirei, hanka inn spesialistar i stilen, Damiana Pinti og Roberto Scaltriti.

Utover den teknisk krevjande songstilen, har Bjørlykke og Gjerde òg fått brynt seg på å formidle opera til folket.

– Det er vanskeleg, men samstundes òg gøy å snakke med NRK. Vi skal jo representere heile prosjektet. Dessutan synst eg det er frykteleg å høyre mi eiga stemme, ler Bjørlykke.

Bjørlykke er meir van med å høyre seg sjølv syngje - både på scena, og heime i dusjen.  Dekanen på Operahøgskolen skyt inn:

– Eg syns det er fantastisk å høyre de snakke om operaen. De er så reflekterte, så det er veldig interessant å høyre på, seier Einarsson. Ho uttrykkjer deretter glede over at Operamagasinet dekkjer førebuingane:

– Det betyr utruleg mykje for Operahøgskolen at NRK er her og gir oss merksemd. Det gjer det mogleg for folk å følgje en operaproduksjon, og forstå kor komplekst og vanskeleg det er.

Høyr reportasjen frå KHiO i Operamagasinet 7. november 2021.

Plagge og Lunnan

Ekstremsport på scena

– Kvifor har Operamagasinet valt å følgje oppsettinga til Operahøgskolen?

– Då vi fikk høyre om oppsettinga tenkte vi at dette må vi få dokumentert, fortel Plagge. Han trekkjer ein analogi til idrett på høgt nivå:

– Vi er ofte vitne til oppladinga til idrettsarrangement. Men å følgje ei operaoppsetting, med den psykologiske og kunstnarlege, men òg reint fysiske sida det tar. Det er spennande, seier Plagge.

– På kva måte er opera fysisk utfordrande?

Dekanen svarar:

– Det er ekstremsport å syngje opera. Du skal vere godt trent, og ha kjernemuskulaturen på plass, forklarar Einarsson før Bjørlykke legg til:

– Det krevjer mental helse å prestere heile tida, som kan vere utfordrande. Vi har hatt mykje undervising i fysisk og mental trening, og blitt lært til å jobbe litt som toppidrettsutøvarar.

markus bjørlykke på scena

Fram mot premieren

Når Operamagasinet er innom 11. januar er Bjørlykke, Gjerde og dei andre masterstudentane i gong med den første ordentlege scenprøva. Fram til då har det handla om songøving, men òg omsetjing av teksten. Gjerde skisserer kva dei skal jobbe med fram mot premiera:

– Det som gjenstår no er å få framføringa perfekt, men det blir ho jo aldri uansett. Vi må få det språklege på plass, så vår italienske regissør blir nøgd. Og å få ein heilskap, så det blir mogleg å slippe seg litt laus på scena.

Det språklege har ikkje vore bare lett.

– Fordi dette ikkje er av dei mest kjende operaaene så har ikkje librettoen vore oversatt til norsk. Så vi har måtta omsette ord for ord sjølve, seier Bjørlykke.

– Og å få med seg meininga når ein omsett ord for ord sjølv - det har vore vanskeleg, påpeikar Gjerde.

– Det er sjukt mykje eg har tolka heilt gale. Til dømes blir det sunge om "del germano". Så eg spurde regissøren, kva er det dei driv og syng om desse tyskarane for. Nei, nei, svara han - på dåtidas italiensk betydde germano bror, flirar Bjørlykke. 

Elisabetta, regina d´Inghilterra

I tillegg til Eva Langeland Gjerde kjem òg Eline Korbi til å spele rolla som Elisabetta. Robert Skovly og Markus Bjørlykke har rolla som Leicester. Matilda blir spelt av Hannah Agnethe Pold samt Flora Anna Crocker Ångman.  I rolla som Norfolk finn vi Endre Aaberge Dahl og Alfonso Zambuto. Johan Kyhle blir å høyre som Guglielmo. Og Enrico blir spelt av Carmen Lázaro Alemani.

Orkesteret kjem frå Norges Musikkhøgskole. Scenografien står Mauro Tinti for, og Line Maher  lagar kostyma.

Om det blir på hovudscena på KHiO eller Scene 2 på Operaen så ser Operamagasinet uansett fram mot premieren 17. februar. Når Plagge høyrer øvingane er dommen klar:

– Det begynner å få konturene av noko verkeleg fint.

Billettbestilling og meir info DNO&B (billettar ikkje lagt ut enno).

Høyr reportasjen frå KHiO i Operamagasinet 7. november 2021. Vi lenkjer til andre intervju når det er klart. Operamagasinet skal òg innom generalprøva til masterstudentane veka før premieren.