#khiohjemme
KHiO er stengt, men det er likevel mykje skulearbeid som skjer rundt i heimane til studentar og lærarar. Vi deler og er saman digitalt.
Som følge av koronaviruset har Kunsthøgskolen i Oslo, KHiO, halde stengt sidan fredag 13. mars. Dette har ført til at mange har tatt i bruk digitale verktøy dei ikkje har prøvd ut før. Løysingar som truleg hadde blitt avvist for kort tid sidan blir no prøvd ut. Det blir gjort opptaksprøver digitalt, undervising skjer over nett og det blir planlagt utstillingar digitalt og eksamen innafor dei seks avdelingane på høgskulen dersom stenginga blir forlenga. Men på ein kunsthøgskule kan ikkje alt gjerast digitalt, scenekunstfaga jobbar ofte saman i grupper, og visuelle fag jobbar i verkstader med fysisk materiale, no krev det mange kreative løysingar rundt i heimane.
Vi har oppretta #khiohjemme på instagram @khio for å vise fram litt av kva som foregår og for å vere saman kvar for oss. Er du student eller tilsett bruk gjerne taggen for å vise kva du driv med eller send ei helsing til fellesskapet.
Vi heiar på kvarandre og er saman om dette.
Teaterhøgskolens kor syng Ellinors (korona)vise
Musikk - Sverre Kjelsberg
Tekst - Klaus Hagerup
Miksa av Jan Tariq Rui-Rahman, høgskolektor på Teaterhøgskolen