KHiO-studentar best på gjennomføring
Ifølge den årlege Tilstandsrapporten for høgare utdanning frå Kunnskapsdepartementet gjennomfører 71,1% av bachelorstudentane studiet til normert tid. Dette set KHiO øvst på pallen.
Snittet for gjennomføring av bachelorstudier til normert tid er 47,3%. UiO kjem dårlegast ut med 30,1%. Masterstudentane på KHiO ligg nest øvst med 75,8% berre slått av masterstudentane ved Norges handelshøyskole (NHH) som har 78,5% gjennomføring. Gjennomsnittet for gjennomføring av masterstudier til normert tid ved statlege institusjonar er 49,1%, medan dei private ligg litt høgare med 57,5%.
I tillegg til å skåre høgt på gjennomføring, ligg og studentane ved KHiO høgt på statistikken over tidsbruk, her er KHiO på ein tredjeplass med 45,9 timar, viser studiebarometeret til NOKUT. Kun studentane ved Bergen Arkitekthøgskole (BAS) og ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) ligg over med respektive 55,1% og 52,6%. I den andre enden av skalaen finn vi fag som språk, sosiologi og pedagogikk, alle med under 28 timer per veke. Det er ein tendens at studentar på utdanningar med mykje praksis brukar meir tid enn andre.
Tilstandsrapporten utgjer eit viktig grunnlag for den årlege etatsstyringa av statlege universitet og høgskular og for dialogen med dei private lærestadane. Rapporten vert og brukt som grunnlag i budsjettarbeidet til departementet og politikkutvikling. Rapporten vert utarbeida av medarbeidarar i Kunnskapsdepartementet i samarbeid med NOKUT og SIU.
Tilstandsrapporten for høgare utdanning
Les og saka frå Khrono UiO-studentene fullfører mye sjeldnere etter oppsatt plan