Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 151, Firefox (Android) 153, Android WebView 151, Chrome 151, Chrome 150, Chrome 149, Chrome 148, Chrome 145, Chrome 120, Chrome 109, Edge 151, Edge 150, Edge 149, Firefox 154, Firefox 153, Firefox 152, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.6, Safari/Chrome (iOS) 26.5, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 131, Opera 127, Safari (MacOS) 26.6, Safari (MacOS) 26.5, Samsung 30, Samsung 29

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

KHIO-student opnar grunnsteinsnedlegginga for det nye Nasjonalmuseet

KHIO-student opnar grunnsteinsnedlegginga for det nye Nasjonalmuseet

Eirik Slyngstad, bachelorstudent ved Kunstakademiet, har fått det ærefulle oppdraget å opne programmet for grunnsteinsnedlegginga for det nye Nasjonalmuseet, 2. mai 2016.

Han arbeider på tvers av performance, song, kostyme og koreografi. Kostymet han har på seg under performancen, har han laga sjølv, i handmålt silke. Slyngstad er avgangsstudent ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Det er eit selebert selskap han opptrer saman med, og der m.a. dronninga, kronprinsessa, statsministeren og ordføraren, er til stades. Sjølve grunnsteinsnedlegginga vil bli gjort av H.M. Dronning Sonja og H.K.H. Kronprinsesse Mette Marit.

Også to andre tidlegare studentar medverkar i programmet.

Kunstnar Tori Wrånes har ein performance. Ho vart uteksaminert ved Kunstakademiet i 2009.

Skodespelar Marie Blokhus er konferansier og vil mellom anna fortelje om då Kunstakademiet i mange år hadde galleri i den gamle jernbanebygningen. Ho vart uteksaminert ved Teaterhøgskolen i 2010.

Vi gjer merksam på at sjølve grunnsteinsnedlegginga er eit lukka arrangement i regi av Statsbygg.

Kontakt

kommunikasjonsleiar Birgitte Bye, Statsbygg, mobil 959 18 879

Foto: MIR Kommunikasjon AS (illustr.) «Alabasthall. Alabaster hall». Arkitekt: Kleihues + Schuwerk