Framsideillustrasjon: Shoma Ogasawara, bachelor i klassisk ballett. Foto: Gine Grieg Riisnæs
Framsideillustrasjon: Shoma Ogasawara, bachelor i klassisk ballett. Foto: Gine Grieg Riisnæs

KHiO Årsrapport 2018

Akkreditering som vitskapleg høgskole, nytt doktorgradsprogram, Tegneskolen 200 år og over 270 unike kunstproduksjonar er noko av det som skjedde i 2018.


Les heile KHiO Årsrapport 2018 (pdf)

Akkreditering som vitskapleg høgskole

12. januar 2018 fastsette Kongen i statsråd at Kunsthøgskolen i Oslo er akkreditert som vitskapleg høgskole innan fagområdet kunst. KHiO har nå faglege fullmakter og eit eige handlingsrom til å styre den faglege utviklinga ved institusjonen.

Nytt doktorgradsstudium

KHiO har oppretta graden "ph.d. i kunstnarisk utviklingsarbeid" og for første gong i Noregs historie blei det teke opp studentar til dette doktorgradsstudiet.

Høg gjennomføringsgrad på studia

I studieåret 2017/2018 fullførte totalt 187 kandidatar.

På bachelorutdanningane er det 65,4 % som fullfører på normert tid, mot 47,7 % i sektoren, og på masterutdanningane er det 71,4 % mot 50,2 % i sektoren.

Gjennomføringsraten med utgangspunkt i studentens inngåtte utdanningsplan og gjennomførte studiepoeng er 98,2 %. Denne er på tvers av årskull og normert tid og uavhengig av når studenten starta eller avslutta studiet.

Tegneskolen 200 år

200-årsjubleet for Tegneskolen var ei hending av nasjonal betydning då det i 2018 var det 200 år sidan Stortinget ved kongeleg resolusjon løyvde midlar til etableringa av Den Foreløpige Tegneskole. Mange institusjonar har hatt sine utspring i Tegneskolen, eller Statens handverks- og kunstindustriskole (SHKS), som skolen heitte det meste av 1900-talet.

  • Jubileumsprogrammet omfatta førelesingar, utstillingar og seminar
  • Hovudmarkeringa fann stad 10. oktober 2018 med over 300 gjestar til Oslo rådhus
  • 80 tidlegare studentar deltok med verk i ei helgeopen utstilling i dei gamle lokala til SHKS i Ullevålsveien 5
  • I Grunnskoleprosjektet besøkte 250 elevar i grunnskolen KHiO og jobba med teikning og collage
  • Det vart gitt ut tre faglege publikasjonar i høve jubileet

This is it

NRK TV lanserte i april 2018 ein stor produksjon der dei følgde sju studentar gjennom avgangssemesteret på bachelorstudiet i kles- og kostymedesign ved avdeling Design. Gjennom åtte episodar av "This is it" fekk heile landet, i beste sendetid, eit unikt innblikk i korleis livet på innsida av KHiO er og korleis det er å utdanne seg til klesdesignar.

271 kunstproduksjonar

I 2018 gjennomførte KHiO 271 unike kunstproduksjonar. Ein produksjon kan ha fleire framsyningar eller visningsdagar. Tilsvarande tal i 2017 var 226.

Ved scenekunstfaga (teater, opera og dans) var det 57 produksjonar med til saman 185 framsyningar med billettering og publikumsmottak. (Av dette utgjorde Sommerteatret i Frognerparken 50). Ved dei visuelle faga (design, kunstakademiet og kunst og handverk) var det 87 utstillingar, alle tilgjengelege for publikum i fleire dagar. I tillegg kjem nokre sentrale arrangement, med kunstnarisk forskingsveke som det viktigaste.

KHiO arrangerer fleire faglege seriar for å gje vesentlege bidrag til, og styrkje den offentlege samtalen om, kunst og kunstens samfunnsverdi. I 2018 var dette Academy lectures (Kunstakademiet), Akademirommet (Kunstakademiet), Open forum/Åpent forum (Kunstakademiet), Agenda (Kunst og handverk), Art and craft lectures (Kunst og handverk), Design talks (Design) og Forum dans (Dans). I tillegg er det også andre opne forelesingsrekker rundt faglege tema.

Avgang 2018

175 avgangsstudentar frå bachelor- og masterstudia presenterte framtidas kunst og design gjennom 50 framsyningar og utstillingar i fire hektiske vårmånader før avsluttande eksamen og utdeling av vitnemål. Avgang 2018 var godt besøkt av publikum, talentspeidarar, bransjefolk og leiarar ved kunstinstitusjonane, som alle er nysgjerrige på kva som rører seg på den unge scenen for samtidskunst.

Utmerkingar og prisar

Mange studentar og fagleg tilsette har blitt tildelt prisar og utmerkingar i 2018.

Sjå heile oversikta i KHiO Årsrapport 2018, side 62-69 (pdf)

Nøkkeltal for verksemda ved KHiO 2018

* utanom tilskot frå NFR, RFF og EU
Studieprogram på bachelornivå (inkl. PPU og årsstudium) 13
Studieprogram på masternivå 8
Tal søkjarar pr studieplass 8,9
Gjennomføring på normert tid - bachelor (%) 65,4
Gjennomføring på normert tid - master (%) 71,4
Gjennomføring total i forhold til utdanningsplan % 98,2
Kandidatar 187
Stipendiatar i stilling 27
Tal studentar pr fagleg tilsett 5,9
Del med førstekompetanse av fagtilsette (%) 76,8
Løyving frå Kunnskapsdepartementet (mill.) 348 938
Bidrags- og oppdragsminansiert aktivitet (mill.)* 3,5
EU-midlar til undervisning o.a. (mill.) 1,075
Avsetjingar til reinvestering og vedlikehald (mill.) 6,2