Ketil Akerø blir fungerande høgskoledirektør på KHiO
Styret på Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Ketil Akerø som fungerande høgskoledirektør for perioden 1.2.–31.7.23.
Akerø har sidan april 2021 vore sjef for seksjon for teknisk produksjon på KHiO og del av den administrative leiargruppa.
Ketil Akerø skal fungere som høgskoledirektør i interimperioden fram til ny styringsordning med tilsett rektor trer i kraft 1.8.23.
Nåverande KHiO direktør Kristel Jæger Skorge sa tidlegare opp stillinga med verknad frå 30.1.23. Ho tiltrer som høgskoledirektør for Noregs musikkhøgskole 2.5.23.