Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Keith Harrison. Foto: Dom Moore
Keith Harrison. Foto: Dom Moore

Keith Harrison blir professor II ved KHiO

Styret ved Kunsthøgskolen i Oslo har kalla Keith Harrison til ei stilling som professor II i keramisk kunst ved avdeling kunst og handverk.

Stillinga som professor II skal vere med å vidareutvikle fagmiljøet innan keramikk og materialbasert kunst på KHiO gjennom eksperimenterande, performativ tilnærming til keramiske materialar, prosessar og kunstnarisk utviklingarbeid. Avdelingas arbeidsområde blir utvida til å inkludere offentlege, performative prosjekt.

Hovudarbeidsområda er objekt, skulptur, installasjon, konseptbaserte tilnærmingar og arkitekturrelaterte prosjekt. Tilhøvet mellom idé og materiale står sentralt og den faglege spesialiseringa blir gjeve gjennom kurs, workshops, forelesingar samt rettleiing til studentane og kollegarettleiing.

Keith Harrison

Keith Harrison er frå West Bromvich, Staffordshire og bur no i Plymoth, Devon. Han arbeider i dag som Research Professor ved Bath Spa University der han underviser i biletkunst. Han er utdanna med master i keramikk og glas frå Royal College of Art i London og bachelor i tredimensjonal design frå University of Wales Institute Cardiff.

Som kunstnar har Keith Harrison delteke på ei rekke utstillingar og verka har blitt vist på galleri og museum som mellom anna inkluderer Victoria&Albert Museum, Jerwood Space, Camden Arts Centre og Mima, Middlesbrough. I 2020 deltok han på Borealis Festival, Lydgalleriet i Bergen.

Frå 2002 har Keith arbeidd med prosessbaserte offentlege eksperiment som undersøker direkte fysisk transformasjon av leire frå ein rå tilstand, ved hjelp av industrielle og elektriske system. Bruken av bærbare husholdningsapparat har gjort det mogleg å brenne leira på alternative stader som stove, vitskapslaboratorium, kafé og ideelle kunstnardrivne rom.

Tidlegare verk inkluderer m.a. Busleholme, - utskyting av ein Rover 75-bil i full storleik, laga i leire, frå ein storslagen rampe i Cannock Chase Forest; å utsetje eit keramisk lydanlegg for grindcore-angrep med Napalm Death, og Conductor, - ei live koreografert avbryting av livet på Preston Bus Station, der 32 bussar utførte ein serie med arrangerte rørsler til eit lydspor av Preston Field Audio.

Les også: Phaidon; Keith Harrison - Why I Create

Lenkjer

www.keith-harrison.info