Lisa Baudouin Lie. Foto: Det Norske Teatret
Lisa Baudouin Lie. Foto: Det Norske Teatret

Ibsenprisen 2020 til Lisa Lie

Stipendiat Lisa Lie er tildelt Ibsenprisen for sceneteksten Mare, som hadde urpremiere på Det Norske Teatret i januar 2019.

I grunngjevinga legg juryen vekt på at Mare er eit subtilt og intelligent referansereflettverk prega av musikalitet, originalitet og varme.

Les heile grunngjevinga til juryen

Mare er ein tragedie, eit mysterium, ein folkeleg festival i mytologisk landskap. I dette universet vil du møte mange karakterar frå samtid, historie og myte. Ein av desse er den greske myten om Medea. Regissør Lisa Lie har i lag med dei kunstnarleg medverkande og ensemblet skapt eit scenisk verk i spenningsfeltet mellom ei lys handling og ein mørk tekst. Med utgangspunkt i mytar, mellom anna frå antikken, blandar dei historie og samtid med eit urtidsteater som stammar frå dionysiske landlege rituelle festivalar.

Les meir om Mare, Det Norske Teatret

.

Lisa Baudouin Lie er stipendiat ved avdeling Teaterhøgskolen på KHiO.

Les meir om doktorgradsarbeidet: Hvordan kan teknikker fra sjamanisme, spiritisme og vestlig ritualmagi bidra til å skape nye autentiske fortellersteder og affektive rom?

Ibsenprisen er Noregs einaste dramatikkpris, og har blitt delt ut av Skien kommune sidan 1986. Prisen er på 150 000 kroner, og ein statuett forma av Nina Sundbye. Ibsenprisen vert delt ut til ein dramatisk tekst som har hatt urpremiere ved et profesjonelt norsk teater i løpet av føregåande kalenderår. Dei øvrige nominerte var Meg nær av Arne Lygre og Dottera av Goksøyr & Martens.