Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 97, Firefox (Android) 95, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 97, Baidu 7.12, Chrome 97, Chrome 96, Chrome 95, Chrome 94, Edge 97, Edge 96, Firefox 96, Firefox 95, Firefox 94, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 15.0-15.1, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 82, Opera 81, Safari (MacOS) 15.2-15.3, Safari (MacOS) 15.1, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 16.0, Samsung 15.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Høge søkartal til KHiO

Høge søkartal til KHiO

Bachelorutdanningar på Teaterhøgskolen og Kunstakademiet er blant dei i landet med flest søkarar per studieplass. Master i opera og master i medium- og materialbasert kunst har søknadsauke.

– Det er generelt høge søkartal til KHiO, slår rektor Markus Degerman fast. – Stabilt høgt. Det går generelt oppover for dei studieprogramma som har opptak kvart år, og sjølv om dei høgaste søkartala på nokre av utdanningane var i fjor, ser vi at tala er relativt konstante over tid. 

– Fjoråret var nok på mange måtar spesielt, seier Degerman, vi var ramma av ein pandemi på andre året, mange tenkte kanskje alternativt. Variasjonane vi ser, kan ha ulike forklaringar, som pandemi, storleik på kulla, demografi osb., men alt i alt er dette gode tall. 

Kunnskapsdepartementet skriv om tala frå Samordna opptak: – Et godt arbeidsmarked, åpne grenser og lavere fødselskull gjør at søkertallene til høyere utdanning er mer tilbake til normalen. Det er rundt 19 000 færre søkere til høyere utdanning i år enn i fjor, som var et rekordår.

Gode grep frå avdeling Teaterhøgskolen har redusert tal på søkarar – likevel tronar dei på toppen i landet 

Samanliknar ein tal frå Samordna opptak kan inga anna utdanning i Noreg vise til like høge søkartal per studieplass som bachelorutdanninga i skodespelarfag ved avdeling Teaterhøgskolen på KHiO. Samordna opptak publiserte sist veke søknadstala frå 2022, og øvst på lista ligg toll, vareførsel og grensekontroll (UiS) med 20,3 søkarar per studieplass (førsteval per studieplass), etterfølgt av arkitekt på AHO med 18,7 søkarar per studieplass (førsteval). 

KHiO er ikkje ein del av Samordna opptak, men til samanlikning er dei to studia med høgast søkartal ved KHiO bachelor i skodespelarfag med 67 søkarar per studieplass, og bachelor i biletkunst med 19 søkarar per studieplass. 

Illustrasjon 12 søkere per studieplass
KHiO hadde 2926 søkarar i år, noko som gir eit gjennomsnitt på12 søkarar per studieplass. Det er òg eit høgt tal på landsbasis.

Dekan på avdeling Teaterhøgskolen, Victoria Meirik forklarar at dei har endra opptaksrutinane på bachelorstudiet i skodespelarfag. – Før pandemien var det fysiske opptaksprøver på KHiO, der alle som hadde registrert seg, fekk komme hit til ei fysisk førsteprøve.

 I 2019 dreidde det seg om 741 potensielle studentar som blei inviterte inn og fekk eigentid.

– Då pandemien trefte, blei vi tvinga til å gjennomføre denne første runden digitalt. Søkarar som hadde registrert seg i Søknadsweb innan fristen, fekk informasjon om kva dei skulle sende inn, etter at fristen var gått ut. Dette gjorde terskelen låg for å registrere seg som søkar, og i 2021 hadde utdanninga 801 søkarar. No i 2022 endra vi kravet slik at alle søkarar måtte sende inn opptaksprøve/dokumentasjon, til dømes ein monolog, før søknadsfristen gjekk ut, noko som nok gav færre søkarar i år. Talet er likevel svært høgt, med 674 søkarar til 10 studieplassar. 

Rekordår på master i opera

Master i opera har ein auke i søkartala på 50 prosent i 2022. – Vi er utruleg glade for rekordmange søkarar til master i opera i år, seier dekan Anna Einarsson, og legg til at det òg er høgt nivå på søkarane. Talet har gått frå 30 søkarar i fjor til 45 i år. – Auken heng nok delvis saman med at vi har begynt å undervise på engelsk, men òg ein målbevisst rekrutteringsstrategi og eit godt rykte om kvalitet i utdanninga, seier Einarsson

Bachelor i grafisk design og master i kunst og offentlege rom har òg ein auke frå i fjor. Om lag to tredjedelar av søkarane til KHiO er kvinner.