Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 97, Firefox (Android) 95, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 97, Baidu 7.12, Chrome 97, Chrome 96, Chrome 95, Chrome 94, Edge 97, Edge 96, Firefox 96, Firefox 95, Firefox 94, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 15.0-15.1, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 82, Opera 81, Safari (MacOS) 15.2-15.3, Safari (MacOS) 15.1, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 16.0, Samsung 15.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Denne reklamen for Klättermusen, som var trykt i Fjell og vidde, nr. 4, 2021, vart utgangspunktet for eit samarbeidet mellom KHiO og Forbrukarrådet. Studentar på design skal synleggjere verkemidlane annonsørar bruker – for slik betre å kunne vurdere om produktet er så grønt som det påstår.
Denne reklamen for Klättermusen, som var trykt i Fjell og vidde, nr. 4, 2021, vart utgangspunktet for eit samarbeidet mellom KHiO og Forbrukarrådet. Studentar på design skal synleggjere verkemidlane annonsørar bruker – for slik betre å kunne vurdere om produktet er så grønt som det påstår.

Grønvasking

Forbrukarrådet har bedt om hjelp frå studentar på design til å synleggjere verkemidlane annonsørar bruker – for slik betre å kunne vurdere om produktet er så grønt som det påstår. Prosjektet skal mellom anna ende i kåring av Årets grønvaskarar og samstundes lære studentane meir i kryssfeltet mellom kunstnarleg forsking, samarbeid med organisasjonar og miljøhumaniora.

–Det har skjedd eit grønt skifte i politikken etter at FN kom med sine klimamål. Så no må alle ha noko å seie om kor grøn ein er, men samtidig er sjølvsagt ofte målet med å reklamere for eit produkt å selje meir, seier Theo Barth, professor i teori og skriving, som er ansvarleg for samarbeidet mellom Forbrukarrådet og designavdelinga på KHiO.

–Ein grønvaskar er ein tilbydar som gjev inntrykk av å vere meir miljøvenleg enn produktet faktisk er. Sjå til dømes på reklamen for Klättermusen som var trykt i Fjell og vidde, nr. 4, 2021. Denne reklamen vart utgangspunktet for samarbeidet mellom KHiO og Forbrukarrådet. Her brukast det tekniske termar som gjev lesaren inntrykk av at tekstilane er laga i bomull, som er omgjort til noko anna enn bomull, ved hjelp av krefter som liknar fjellet sine krefter – utan at det nemner CO2 avtrykket til produksjonsmetoden.

Thumbnail 9 Fa10 B20 2 Caa 49 E0 B946 Bd742 F721820

Reklame for Klättermusen som var trykt i Fjell og vidde, nr. 4, 2021

Årets grønvaskarar

Eit av måla for prosjektet, er å kåra Årets grønvaskarar. Når det gjeld nominasjonar av årets grønvaskar er heile høgskulen invitert med, studentar og tilsette, både faglege, drift, verkstader og administrasjon. Ein jury vil gjere eit utval ut på seinsommaren.

–Det er litt som å ta skulen tilbake i eit felles prosjekt etter Covid, seier Theo, som er oppteken av inkluderande prosessar. –Vi kan som skule velje om vi ønsker å utdanne studentane til å bli miniatyr kapitalistar eller vise dei eit tydelegare samfunnsoppdrag, eg meiner vi bør velje det siste.

–Fagområdet vårt er ekstra engasjert i miljø, det er eit tema som er veldig på heimebane for oss på design, seier fagansvarleg for kles- og kostymedesign Peter Løchstøer. –Vi ønsker å skape ei konstruktiv tilnærming og opne diskusjonar om ansvar, og her gjer Theo eit viktig arbeid.

Å lære å lære

I eit kurs for alle dei tre spesialiseringane på første året master design, med ekstra fokus på tema for klede- og kostymedesign, lærer Theo studentane å bygge opp ein eigen strategi, eit standpunkt og å nærme seg kunstnarleg forsking i samarbeid med frivillige organisasjonar og miljøhumaniora.

–Målet for prosjektet er ikkje å ta nokon, men å gjere tilbydar, forbrukar og politikarar meir medvetne. Eg utviklar arbeidet saman med studentane, og for nokre er det ein smertefull prosess, men dei fleste ser at denne refleksjonen og dokumentasjonen, det å ‘lære å lære’, hjelper dei å forstå og danne eigne meiningar.

Studentane skriv eit essay om eit sjølvvald tema i dialog med kurset. I tillegg skal dei dokumentere sin faglege prosess i kvar si loggbok. Slik får dei eit designmateriale å jobbe ut i frå og kan bruke designreisa som eit bakgrunnsteppe for samtalar med ein tredjepart. Dei ulike delane viser kvar dei kjem frå, kva refleksjonar dei har gjort seg på vegen og ein visjon for vidare arbeid.

–Slik framstår kvar enkelt student som ein sjølvstendig fagperson ut frå parameter dei har utvikla sjølv. Og i tillegg til sjølve utforskingane, gjev estetiske undersøkingar oss også rett og slett eit større oppland å skape frå.

Theo fortel at han har brukt denne tilnærminga ved fleire av KHiO sine fag og at han no skal i gang med eit prosjekt saman med dans.

Kunstnarleg forsking og miljøhumaniora

–Eg meiner at vi som driv med kunstnarleg forsking, estetiske undersøkingar, kan ha mykje å bidra med i samarbeid med meir vitskaplege forskingsmetodar. Live-aspektet som design og kunst tilfører teoriutviklinga, gjer skulen vår interessant for akademikarar. Difor leitar eg etter samarbeidspartnarar som ser kvaliteten av å drive med slik utforsking.

Theo har mellom anna sett i gang eit gryande samarbeid opp mot miljøhumaniora saman med Nasjonalbiblioteket og School of Environmental Humanities ved UiO. Mellom anna ser dei på det norske oljeeventyret frå eit miljøhumaniora perpektiv. Målet er å bidra til den offentlege debatten om klima og miljø, gjennom fleirfagleg utforsking, og kreativ respons til utfordringar i samtida.

–Studentane våre skal ikkje lage nye retningslinjer, oppsummerar Theo. –Men dei kan kome med uventa perspektiv på tema som til dømes grønvasking.