Fullt hus på open dag
Gjekk du glipp av open dag på KHiO? Fortvil ikkje, bli med på foto-rundtur frå dagen.
Hjarteleg takk til alle som kom innom KHiO på Open dag, torsdag 17. november 2022!
På omvisingane viste studentane våre fram "sitt KHiO", på scener, salar, verkstader, og arbeidsplassar. Vi er glade for at det var så mange som ville følge med rundt på huset.
Dagen starta med opne danseklassar oppe i sjuande etasje – det var mange som skulle inn i heisen denne dagen. Takk for tolmodet!
Masterstudentar frå programmet kunst og offentlege rom inviterte til workshops og deltakande kunst. Mellom anna Visitors Portraits med Belén Santillan and Katja Schia.
Grafisk design og illustrasjon viste fram studentarbeider, mellom anna med tema «Hyttekultur».
På dans var det mellom anna mogeleg å følge innstudering av verket "Rain" av Anne Teresa De Keersmaeker, med bachelor i samtidsdans på scene 4.
Teater opna også opp undervisinga for besøkande. I tillegg fekk dei som var med på omvisinga klokka 14 ein sniktitt hos regi i ein lyd-workshop, og kl 1700 fekk dei besøkande gå innom master i teater i deira førarbeid på Hovudscena.
Kunst og handverk inviterte til at dei besøkande sjølv fekk prøve ut ulike teknikkar på verkstadene. Til dømes stofftrykk, vev, tresnitt, maskinpress-trykking og T-skjortetrykk.
Nær Akerselva rigga keramikk seg til med Raku-brenning frå 11 til 17. Å følge prosessen med høg temperatur under brenning og nedkjøling i iskaldt vatn, skapte spenning både for dei involverte og besøkande om keramikken tålte dei ekstreme temperaturskifta og korleis uttrykket ville bli på det ferdige arbeidet.
MA2 på Opera ga oss konsert i Vrimla. Operahøgskolen opna også undervisinga denne dagen. Mellom anna med å invitere til coaching for studentar med Giulio Zappa (!), øving til oppsetting og improworkshop.
På kvelden tok Kunstakademiet over med Open Academy frå klokka 17 til 21. Til saman hadde vi Open dag i tolv timar frå 9 til 21!
Foto: Tilde Wahl Hansen og Håvard Andreas Krogstad Johansen.