Frå sopp i skogen til design i verdsklasse
Materialforsking vil vere ei av dei største bransjane i framtida, meiner stipendiat på Kunsthøgskolen i Oslo, Mari Koppanen. Sjølv forskar ho på sopp og har fått mykje internasjonal merksemd.
– Då eg tok master i design på KHiO, forska eg på sopp som materiale og slik oppdaga eg amadou. Eg fann ut at dei siste som arbeider med dette materialet i Europa, held til i byen Corund i Romania, så eg skreiv til nokon i den byen, og slik starta det.

Amadou er eit materiale som kjennest som mjukt lêr, som blir vunne ut frå knuskkjuker, ein fleirårig sopp som veks på lautre. Tradisjonelt har ein brukt materialen til å lage hattar og vesker, og ting som antiseptisk legemiddel og plaster. I Romania, som tidlegare hadde eit sosialistisk styre, var arbeidet med amadou ein måte å spe på inntekta. Folk jobba med det i smug, så ikkje styresmaktene skulle ta pengane dei tente på arbeidet. I fjellandsbyen Corund er det store bøkeskogar og eit godt klima for knuskkjuker.
– Allereie som masterstudent jobba eg etnografisk for verkeleg å forstå kulturen rundt amadou. Eg har vore i Corund og møtt fleire som framleis arbeider med amadou.


Stor internasjonal merksemd
Koppanen kom tilbake til KHiO nokre år etter mastegraden for å ta ein doktorgrad og har i tida som stipendiat stilt ut mange stader i verda. I utstillingane viser ho fram kunsthandverk og design ho sjølv har laga med amadou. Til dømes Fomes, ein puff og ein benk, dekka av det mjuke materialet, fekk mellom anna omtale i magasinet Dezeen. Det same magasinet nominerte også Koppanen til Emerging Designer of the Year i 2024. Verka til Koppanen har og fått merksemd i internasjonale medier som The Times, Vogue Scandinavia og Forbes.
Dezeen: Transylvanian mushroom leather wraps seating by Mari Koppanen


.
I utstillingane inkluderer ho også materialeksperimentering og film og bilete frå fjellandsbyen i Romania.
– Det er viktig for meg å vise fram forskingsmaterialet mitt, og eg stiller ut over heile verda. Slik møter eg andre med liknande interesser og kan utveksle erfaringar. Og det har vore mange interesserte.
– Materialet er mjukt som fløyel og talar til mange. Eg prøver å vise bruk av materialet i kunsthandverk, for å spreie kunnskapen og vise relevansen. Eg tenker at det er eit veldig relevant materiale i vår tid.
Materialforsking viktig for framtida
– Forsking tar veldig lang tid, men materialforsking vil vere ein av dei største bransjane framover, meiner Koppanen. – Det er fleire land som mellom anna forskar på å kunne plante soppsporar for industriell produksjon.


– På 1800-talet vart knuskkjuker dyrka og eksportert mellom anna frå Tyskland, og oppskalering av produksjon er eit spørsmål eg ofte får, men eg er ikkje oppteken av industriell produksjon. Amadou er eit materiale som har alt det treng i seg sjølv, ein treng ikkje mykje utstyr og laboratorium for å omarbeide det, men ein må forstå seg på handarbeidet som krevst. Det er cirka sju familiar i Corund som framleis kan dette handverket og det er viktig for meg å respektere dei slik at dei kan halde fram med arbeidet.

No er Koppanen snart ferdig med Ph.d.-prosjektet og sjølv om ho er frå Finland, er planen å bli i Noreg.
– Eg skal jobbe for meg sjølv i firmaet eg starta etter eg var ferdig med masteren min, og så skal eg undervise. Det er viktig at studentar forstår at design ikkje berre handlar om å lage eit fint objekt, men også om å forstå materiala ut i frå ulike perspektiv, etisk, sosialt og miljøvennleg.
Amadou er eit urgamalt materiale i europeisk historie. Det har også vore i bruk i Norden og Koppanen fortel at ho tidlegare har brukt mykje tid på å finne informasjon om bruken i Norden, men at det har vore vanskeleg, før eit uventa gjennombrot:
– Den siste veka før eg skulle levere doktorgradsarbeidet mitt, kom eg på at det står ei soppbok frå 80-talet heime hos mor mi i Finland. Eg tenkte å bruke eit bilete av denne, og så viste det seg at der, der var det mykje informasjon om bruk i Norden og særleg Finland! Sjølv om eg no tenker å ta ein pause i forskingsarbeidet, så kjem eg til å fortsetje prosjektet i framtida, dette er berre starten!

Du kan sjå miniutstillinga A Ritual of Amadou av Mari Koppanen på Naturhistorisk museum fram til og med 11. januar Kunstutstilling: The Ritual of Amadou - Naturhistorisk museum