Fersk samtidskunst på Oscarshall
I sommar kan du oppleve det historiske anlegget ved Oscarshall i dialog med dagsaktuell samtidskunst. Ti internasjonale kunstnarar, nyleg uteksaminerte masterstudentar frå kunst og handverk på KHiO, er invitert til å stille ut.
– Det var naturleg for oss å samarbeide med studentar og alumni frå grafikk og teikning ettersom dette er fagfelt som Dronninga også er særleg oppteken av, seier Gunhild Varvin, sjef for Dei kongelege samlingar.
Ho fortel at Oscarshall er Noregs første samtidsmuseum, bygd i 1852 som lystslott og ein stad for å presentere norsk kunst og handverk.
– Med tanke på det samtidige, og som ein peikar på kva som kjem, synes vi at det er særleg interessant å samarbeide med nye kunstnarar. Kunstnarane held eit svært høgt nivå på arbeida sine – i tillegg til at dei representerer neste generasjon. Slik kan vi vidareføre ein tradisjon for å auke medvitet om feltet.
I fjor sommar var anlegget ved Oscarshall stengt, og det er i løpet av året lagt ned mykje arbeid for å tilbakeføre parken til slik den var tenkt for snart 200 år sidan. Romantiske, slyngande stiar følger kurvene i terrenget, og gjennom sommaren kan publikum oppleve siste fase i restaureringa av parken. Det er også her i parken at samtidskunsten vil visast, i tillegg til inne i Galleri Josephine.
– Vårt ønske er å tilby publikum gode møter med dei historiske arbeida og den nye samtidskunsten, slik at dei besøkande kan oppleve Oscarshall som eit kompleks der både ute- og inneområda speler saman.
Viktig støtte
Tysdag 20. juni vart utstillinga KHiO på Oscarshall – et sted for samtidskunst opna, med Dronning Sonja til stades.
– Som nye kunstnarar på starten av ei karriere er det naturleg å vere ekstra sårbar, ein må jobbe med å søke om stipend og etablere eigen praksis, venne seg til kritikk frå media og økonomisk usikkerheit. Då betyr det mykje å bli løfta fram og støtta på denne måten rett etter avslutta studier, seier Victoria Rowena Browne, førsteamanuensis i grafisk kunst og publisering. – Det gleder oss at Dronninga ønska seg ei eigen omvising i utstillinga og vi set pris på hennar engasjement og kunnskap.
Det er gratis å oppleve samtidskunstutstillinga og parken, men det vil vere nødvendig å løyse billett for å delta på ei omvising i dei historiske interiøra. Vel du å reise med offentleg transport, kan du ta buss nummer 30 frå Oslo sentrum og gå av enten på stoppet Bygdøy Kongsgård eller Norsk Folkemuseum, då er det berre eit par minuttar å gå til Oscarshall.
Opningstidene er torsdag til søndag frå klokka 11 til 16, og utstillinga er tilgjengeleg til og med laurdag 27. august.
Les meir på kongehuset.no Oscarshall åpner for publikum
Kunstnarar i utstillinga
Benjamin Clement, Hanna Halsebakke, Kamil Kak, Kari Kolltveit, Milton Mondal, Sally Nordström, Debangona Paul, Sigvei Ringvold, Maria Viirros og Anna Weilhartner
Kurator: Ingvar Strøm Torjuul