Ei tredimensjonal historie
39 kostymer, ei dreiescene og meir til, skal vere klare i løpet av nokre veker. Det er prosjektet 11 designstudentar har satt seg fore å gjennomføre, slik at operastudentane får kostymer og scenografi til forestillinga Sjuende far i huset.
– Dette er eit av dei få prosjekta vi kan velje å delta på, som ender opp i ein ferdig produksjon, der andre bruker det vi lagar. Ellers har vi ofte fotoshoot når eit prosjekt er over, og ferdig med det, seier Ingaler Borg.
Borg er ei av tre studentar frå klede- og kostymedesign, som saman med åtte studentar frå interiør- og møbeldesign, har valgt eit samarbeidsprosjekt med opera. Her får dei unik erfaring frå eit stort prosjekt på tvers av fag, og i samarbeid med profesjonelle aktørar.
– Eg har ikkje erfaring med opera frå før, så eg var nysgjerrig på kva som trengs til ein slik produksjon, fortel Fabio Ruiz frå interiør- og møbeldesign.
– Det å omforme ei historie frå tekst til ei tredimensjonell historie, slik vi gjer her, fascinerar meg veldig, seier medstudent Laura Dosch.
– Ja, einig, smiler Ingaler Borg. – Det å hente ut essensen av historia og gjere det om til kostyme, som eg jobbar med, er utfordrande og interessant.
F.v. Ingaler Borg, Fabio Ruiz, Doina Kvalvik og Laura Dosch.
Å velge fokus
Studentane på årstudium opera, skal syne fram Sjuende far i huset, en eventyropera i 2 akter. Vigdis Hjort har omforma det tradisjonelle eventyret til vår tid og hovudpersonen er ein ungdom, som blir pepra med krav og inntrykk.
– Vi starta med å forstå teksten, bodskapet og personen. Allereie der kan du avgjere enkelte hovudelement som må med, forklarer Doina Kvalvik, som også går interiør- og møbeldesign.
Laura Dosch legg til at dei spurte operastudentane kva dei liker og ikkje liker på scena.
– Ja, det gjorde vi på kostyme også, nikker Ingaler Borg. –Vi har hatt eit spanande samarbeid, der scenografien viser guttens emosjonelle reise og humør, medan kostyma speiler resten av karakterane, som saman med lys og farge, skal understreke epokene i musikken og skifta mellom kvar scene.
– Her arbeider vi ikkje med små objekt slik vi ofte gjer til vanlig på interiør- og møbeldesign, men store konstruksjonar. Mellom anna har vi på scenografi planlagt og bygd ei dreiescene. Det er spanande synest eg, og det er også ei av årsakene til at eg valgte å bli med på prosjektet, seier Fabio Ruiz.
Ingaler Borg viser fram skisser til dei ulike kostyma, heile 39 kostymer har dei tre kostymestudentane planlagt.
– Vi har lånt litt kostymer og sko frå kostymelageret, men dei fleste kostyma må vi sy sjølve, så vi måtte finne ei løysing slik at vi kjem i mål. Vi har avgjort at vi lagar enkle grunnkostyme og så endrar vi plagga som blir brukt utanpå, for å fortelje historia i stykket og reint praktisk for å gjere skifta så raske som mulig.
Doina Kvalvik fortel at dei har valgt å bruke ei dreiescene, for å hjelpe operastudentane på scena å rekke å skifte, men også som eit forteljarelement for å vise alle skifta og kjenslene i guten.
– Vi må samarbeide og løyse problema for kvarandre. Det er sju personar på scena gjennom nærast heile forestillinga, så regissør Ronald Rørvik, har vore tydeleg på at det ikkje kan gå mykje tid vekk til kostymeskift.
Kvalvik fortel at eit anna viktig element dei har hatt med seg i planlegginga frå starten, er labyrint. Det er tanken bak elementa som fyller scena. Fabio Ruiz viser fram modellen dei laga i forkant, den stemmer heilt overeins med elementa som no fyller scena.
–I ein læringsprosess slik som denne, er det neste å ønske at noko ikkje går heilt som planlagt, men denne modellen fungerte perfekt, ler han.
Førbuing til arbeidslivet
Vigdis Ruud er emneansvarleg for interiør- og møbeldesign og er glad for at dei også i år har fått til dette samarbeidet med opera, trass eit minimalt budsjett.
– Dette er heilt klart ein lavbudsjett- og gjenbruksproduksjon, men eg synes studentane får til mykje. Og så er vi veldig takksame for at regissør Ronald Rørvik frakta elementa til dreiescena for oss frå Brummundal, då studentane planla å bruke ei slik i stykket.
Eit slikt samarbeid gir erfaringar som er viktige før ein går ut i arbeidslivet. Både det å samarbeide med ulike yrkesgrupper og å følge ein produksjon heile vegen frå idé til framføring. Elles er det ikkje så ofte studentane får tilbakemelding på korleis eit produkt fungerer for dei som skal bruke det.
– Dette er eit prosjekt som gir oss ein forsmak på den verkelege verda etter studia. Ronald er profesjonell regissør, og alt må også fungere for operastudentane, som skal kunne bruke det vi lagar, seier Laura Dosch.
Ingaler Borg avsluttar med å avsløre ein viktig detalj i kostyma.
– Eg har høyrt at scenekunstnarar ofte liker lommer i kostyma, difor har vi planlagt lommer på alle grunnkostyma og buksene. Så vi er spent på å sjå om operastudentane vil bruke dei.
Sjå arrangement og bestill gratisbilettar til framsyninga 15. eller 16. desember.
Sjuende far i huset – en eventyropera i 2 akter
Studentane som deltek frå design:
Klede- og kostymedesign
Alan Andersen
Ingaler Borg
Jana Dahlke
Interiør- og møbeldesign
Mira Genevieve Dagbo Landa
Laura Dosch
Johanne Hektoen Hjort-Larsen
Louise Hessling
Haldis Hognestad Hasler
Doina Kvalvik
Jonas Oppedal
Fabio Jose Ruiz Perdomo
Lærarar:
Fredrik Floen (Kostyme)
Bård Lie Thorbjørnsen (Scenograf)
Ronald Rørvik (Regissør)
Toni Herlofson (Koreograf og regiassistent)
Vigdis Ruud (Emneansvarleg IM)
Lysdesign: Eirik Lie Hegre
Teknisk produksjon: Anders Hamre
Rekvisitør: Kikki Noren Løvgren