Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 104, Firefox (Android) 101, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 104, Baidu 7.12, Chrome 104, Chrome 103, Chrome 102, Edge 104, Edge 103, Firefox 103, Firefox 102, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.5, Safari/Chrome (iOS) 15.4, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 89, Opera 88, Safari (MacOS) 15.6, Safari (MacOS) 15.5, Samsung 18.0, Samsung 17.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Ei styrking av Teaterhøgskolen

Ei styrking av Teaterhøgskolen

Mads Thygesen er tilsett som professor i anvendt dramaturgi på avdeling Teaterhøgskolen og er på plass no frå studiestart.

–Vi er ekstremt stolte av at Thygesen ønskjer å delta i styrkinga og vidareutviklinga av masterutdanninga i teater og bachelorutdanninga i regi hos oss, skriv dekan Victoria Meirik. –Han har stor kompetanse og vi er så glade for at han skal dele frå erfaringa si gjennom mange år som dramaturg og leiar av ulike utdanningsinstitusjonar i Danmark, seier Meirik vidare.

Stillinga som professor i anvendt dramaturgi er ei fast stilling på 60%. Stillinga er i hovudsak retta mot MA i teater, medan 20% av stillinga er retta inn mot undervising på BA i regi. 

–Teaterhøgskolen er på ein interessant stad no, der samspelet mellom bachelor- og masterutdanningane gir unike moglegheiter for studentane til å utvikle det kunstnarlege talentet sitt og bryne seg på kollektive arbeidsformer og eksperimenterande praksis, skriv Thygesen i ein e-post. –I mine auge er det eit stort privilegium å få bli ein del av det ambisiøse lærings- og forskingsmiljøet på KHiO, og få undervise neste generasjon av teaterkunstnarar.

Brei og spiss kompetanse

Thygesen er ph.d. med ei avhandling frå 2009 om ny, europeisk dramatikk, og blei i 2010 rektor ved Dramatikerutdanninga ved Aarhus teater. I 2015 tok han over leiinga av den nyoppretta Scenekunstskolen, kor han fungerte som rektor fram til 2021. Her var han mellom anna ansvarleg for samanslåinga av seks danske kunstskolar. Thygesen har heile tida arbeidd med kunstnarlege prosjekt parallelt, med samtidsteater som viktigaste drivkraft heilt sidan han skreiv masteroppgåve om Jon Fosse i 2003.

Allereie før Thygesen tok kandidatgrad i Dramaturgi på Institut for æstetiske fag ved Århus Universitet i 2003, underviste han i teaterhistorie og dramaturgi på Skuespillerskolen ved Århus Teater, og han har erfaring frå mange av funksjonane på eit teater; som instruktør, konseptutviklar, lysdesignar og omsetjar.

Dramaturg i hjarte

Den største innsatsen hans er likevel levert i rolla som dramaturg – både som fungerande dramaturg for etablerte scenekunstnarar, og rettleiing av kommande teaterkunstnarar på Dramatikeruddannelsen og Den danske scenekunstskole.

 – Tjue års erfaring frå undervising og rettleiing på alle nivå har gitt han ein unik profil som undervisar på praktiske scenekunstutdanningar, seier Meirik, og vi ser fram i mot å samarbeide med ein kunnskapsrik og særleg hyggeleg kollega!