Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Connecting Wool

Kunsthøgskolen og japanske Tama Art University (TAU), har fått støtte med UTFORSK-midler til eit samarbeidsprosjekt der ull frå nordlege sauerasar skal skape grunnlag for berekraftig produksjon i framtida.

–I ei omskifteleg verd med flytande sosiale rammer, heldt det ikkje at studentane kun lærer på grunnlag av kunnskap dei tek til seg eller ting dei skaper, der dei berre tek omsyn til livet slik det vert levd akkurat no. Det som krevst, er at ein vender tilbake til opphavet til tinga og ser på det heilt grunnleggande, seier professor i klesdesign Kirsti Bræin, ansvarleg for prosjektet Connecting Wool ved KHiO, saman med Toni Kauppila, professor og fagansvarleg for interiørarkitektur og møbeldesign.

–Nye bruksområde for ulla er heilt sikkert mange. Ei av dei spesielle eigenskapane til ull av nordlege sauerasar er at den har ein sterkere krus enn anna ull. Teknologi, design og materiale til saman, gjer at vi kan finne noko som enno ikkje er tenkt. Det er jo det som er det vanskelege, gjennom arbeidet skal vi skape ein kontekst som gjev nye perspektiv på verda rundt oss. Vi skal skape eit miljø der ulik kompetanse møtest og til saman gjer vi det mogleg å stille nye spørsmål, seier Bræin og fortel at prosjektet tek sikte på å få på plass ei fast, felles pedagogisk plattform, kalla Material Lab. Denne skal brukast av studentar ved TAU og KHiO, slik at ein kan utvikle og utveksle beste praksis for nyskapande materialbruk, ved å nyttiggjere seg det tverrkulturelle samarbeidet.

Forsking i utdanninga
Hovudmålet for Connecting Wool er å undersøkje ull frå nordlege sauerasar for å finne nye og berekraftige bruksområder som tekstil, interiør, møblar og klede. Dette skal skje gjennom mellom anna praktiske formgjevingsprosessar med deltaking frå både studentar, fagfolk og utvalde bedrifter. Det vil mellom anna bli felles seminar, undervising, rettleiing, studentutveksling og utplassering i prosjektet sine partnarbedrifter.

–Vi ønskjer oss forsking inn i utdanninga og dette prosjektet er eit direkte bidrag til det. Eg synest det er viktig med den frie tenkinga opp mot teknologien, og eg trur kunst og design blir meir og meir viktig i store samfunns samanhengar, fordi det handlar om verdiar og haldningar. Forsking gjennom kunst og design gir samfunnet ei ny stemme, og det kan ikkje overvurderast å ha innflyting der avgjerdsle blir tatt.

Som eit av 15, av tilsaman 48 søkjarlag, har prosjektet Connecting Wool fått innvilga fireårig prosjektstøtte gjennom UTFORSK. Prosjektet vil styrkje samarbeidet mellom KHiO og det japanske TAU i Tokyo.

–Toni Kauppila og hans fagområde har over flere år hatt eit samarbeid med TAU. Studentar frå kles- og kostymedesign har og hatt fleire studieturar til Japan. Etter nokre besøk til Tokyo foreslo eg for den norske ambassaden eit samarbeid om ull mellom Noreg og Japan. Vi har hatt fleire gode møte, og ambassaden, som er eit viktig bindeledd mellom våre to kulturar, har vore medverkande til at vi fekk midlar frå UTFORSK, som gjer eit slikt samarbeid mogleg.

Tradisjon og nytenking
–I den japanske kulturen er det verdiar som er viktig å ta med seg i vår tid og vår del av verda. Då japanske designarae entra motearenaen i Paris på slutten av 1970-talet med sine tradisjonar i samspel med nytenking, utfordra dei konvensjonene og endra premissane for det etablerte motesystemet. Dette har hatt stor betydning for moteverda også fram til i dag, fortel Bræin. –Desse verdiane ønskjer me å ta med oss i dette prosjektet og, dei gamle sauerasane våre er eit eksempel på ein tradisjon som har noko veldig opprinneleg ved seg og i kombinasjon med ny teknologi trur vi at det er mogleg å finne heilt nye bruksområde. Japan er per innbyggar største forbrukar av ull. Vi er størst i Norden på sauehald og har viktig kunnskap knytta til dette.

Treng design for å driva forskinga vidare
–Det er svært gledelig at det store arbeidet med denne søknaden bar frukter, og vi ser verkeleg fram til å videreutvikle samarbeid med partnarane både på TAU og dei mange norske og japanske bransjepartnerane som er involvert i Connecting Wool, seier dekan ved avdeling Design, Karianne Bjellås Gilje. –Kunsthøgskolen har som eit av sine strategiske mål for perioden 2017–21 å auke vårt økonomiske handlingsrom gjennom meir ekstern finansiering, samt å utvikle våre fagfelt gjennom strategisk bruk av forpliktande partnarskap med forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt. Eg er stolt av det gode arbeidet som kollegiet på avdeling Design no bidreg med på desse, og mange andre, strategisk viktige område for våre fag og for Kunsthøgskolen.

Det er planlagt fire workshopar i Noreg og Japan fram mot 2020. Først skal alle besøke sauebønder ved kyst og innland, oppleve landskap og klima for å skape ei felles forståing og ei god oppleving saman.

–Haldet av denne typen sau er knytt til positiv og verdifull påverknad på omgjevandene – landskap, samfunn og næring. I Noreg er det allereie ei satsing på ull av slike rasar, så vi byggjer på tidlegare forsking og det er peika på at det er viktig å gå inn i designfeltet for å videreutvikle arbeidet, seier Kirsti Bræin. –Vi må gå til det grunnleggjande for å skape oss nok utforskingsrom og vi har mellom anna med folk frå det største ullmottaket i Noreg, Norilia og det innovative AMATEC AS, Noregs og Skandinavias største leverandør av maskiner og utstyr til saumindustrien. Det gjeld verkeleg å klare og opne opp for alle moglegheitene som finst. Frå KHiO er det ikkje berre oss frå Design som er involvert, men også avdeling Kunst og handverk. Resultata av utforskinga i Connecting Wool skal formidlast og stillast ut både i Tokyo og Oslo.