Camilla Løw tilsett som professor på KHiO
Camilla Løw blir professor i metall med vekt på skulptur og installasjon i offentlege rom ved avdeling kunst og handverk på Kunsthøgskolen i Oslo. Ho tiltrer 1. august 2023.
- Camilla Løw er ein anerkjent kunstnar som har lang erfaring med offentleg utsmykking og store arbeid i metall, seier dekan Boel Christensen-Scheel ved avdeling for kunst og handverk på KHiO.
- Løw har i tillegg vist eit spesielt engasjement for resepsjonen av kunsten og korleis den verker i lokalmiljø og i møte med publikum. Som professor på KHiO får ho brukt begge desse sidene som erfaren metallkunstnar og som formidlar. Vi på KHiO håpar også ho vil bidra til den fagleg-strategiske utviklinga av det metallkunstnariske området, seier dekan Boel Christensen-Scheel.
Metall- og smykkekunst
Fagområdet metall- og smykkekunst baserer seg på undervisning i kunstnarisk praksis med fokus på handverk og materialar, parallelt med teori og metode. Det blir lagt stor vekt på eksperimentering og undersøkingar, både praktisk og idémessig.
Professoratet er ei 50 % fast stilling der hovudarbeidsområdet er knytt til skulptur, installasjoner og kunst i offentleg rom, og har som mål å skape medvit rundt desse samt styrke studentanes evne til kritisk refleksjon i høve til eigen kunstnarisk praksis. Til stillinga ligg å undervise, rettleie og evaluere studentar i samsvar med studieplan, individuelt og i grupper på bachelor, master og doktorgradsnivå.
- Eg ser fram til å undervise i metall og smykkekunst på KHiO, seier Camilla Løw. - Gjennom undervisninga håpar eg å skape eit rom for utveksling av idear og kunnskap mellom studentar og kollegaer, som igjen vil initiere eit engasjement og bidra til kritisk tenking rundt vår eigen praksis.
Camilla Løw har fagutdanning frå Glasgow School of Art med bachelor (Hons) Fine Art and Sculpture. Løw er også ein anerkjent kunstnar og skulptør og lagar skulpturane sine i tett dialog med staden der dei skal plasserast, anten det er inne i eit gallerirom eller utandørs på ein offentleg stad. Ho brukar materialar som metall, betong, spraylakk og pleksiglas i sterke, klåre fargar, materialar som ofte blir forbunde med arkitektur og design.
Løw seier at arbeida ofte kan vere abstrakte og gje assosiasjonar til modernistisk skulptur og amerikansk minimalisme. Formene oppstår også frå eit meir konkret og personleg utgangspunkt, der kvar skulptur framstår med sin unike identitet. Løw er opptatt av at publikum skal føle eigarskap til kunstverka ho lagar for det offentlege rom, og ofte innbyr verka til å bli tatt i bruk.
Camilla Løw har stilt ut, og er kjøpt inn, av museum og galleri i Noreg og internasjonalt. Ho har mellom anna hatt separatutstilling ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, og har laga ei rekke verk for offentlege rom.