Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Årets unge Riddu Riđđu-kunstnar

Årets unge Riddu Riđđu-kunstnar

– Eg er berre utruleg takknemleg. Det betyr mykje å få anerkjenning heimefrå Sápmi, seier Márjá Karlsen. Ba3-studenten ved medium- og materialbasert kunst er årets unge samiske kunstnar.

Utmerkinga som årets unge kunstnar blir tildelt samisk ungdom mellom 18-25 år som ønskjer å satse på si kunstnarlege utvikling. Med tildelinga følgjer eit stipend på 25 000 kroner, ein programdel under Riddu Riđđu Festivála, med opphald i kunstnarbustaden Lásságámmi. 

– Tildelinga gjer det mogleg å satse på kunsten, og det er gledeleg å få anerkjenninga frå Riddu Riđđu, som er eit samlingspunkt for urfolk, fortel Karlsen.

– Samisk identitet har blitt utruleg viktig for meg. Det er noko eg ikkje har fått vakse opp med, som er fråtatt meg. Det har blitt viktig å prøve å fikse denne uretten.

Festivalsjef ved Riddu Riđđu, Sandra Márjá West, er stolt over å utnemne Karlsen til årets unge kunstnar. Ho uttalar følgjande om tildelinga:

Marja Karlsen Materialet husker

Márjá Karlsen visar fram sjølvlaga vev til utstillinga "Ávnnas Muitá" på Galleri Seilduken på KHiO.

Samisk identitet

Den kunstnarlege praksisen til Karlsen er blitt samanveva med den samiske identiteten hennar. Ho tar fordjuping i tekstil ved avdeling kunst og handverk. Men det var ikkje utgangspunktet då ho starta studieløpet.

– Eg starta på grafikkavdelinga, og trudde eg skulle måle. Men etterkvart som eg arbeidde med min samiske identitet, så viste det seg at vi har ein eigen praksis. Det blei naturleg at eg skulle halde på med duodji viss eg skal fortelje samiske historier gjennom kunsten. 

Karlsen forklarar kva duodji, den samiske kunstnarlege skaparpraksisen går ut på: 

– Duodji ber med seg kunnskap om materialar, om tid, stad, landet ein lever på. Ein har med seg kunnskap om relasjonar, slektskap, og alle historiene som er med i det. Mange kallar det samisk handverk, men det er ei forenkling. Det er ein rik tradisjon som omfattar veldig mykje.

– Kva tar du med deg frå KHiO?

– Eg tar med veldig gode kollegaer, mine medstudentar. Det finaste med KHiO, er at du jobbar så tett saman med dei andre studentane. Eg tar òg med meg veldig mykje tekniske ferdigheiter som eg har fått frå dei kompetente lærerane. Samtidig er KHiO eigentleg ikkje eit bra stad å halde på med samisk kunst.

– Kva kunne ha vore betre?

– Det hadde vore å ha personale med kompetanse på samisk historie og samtidskunst, og spesielt duodji. 

Karlsen har tatt nettundervisning ved Samisk høgskole i Kautokeino. No ser ho fram til moglegheitene som Riddu Riddu gir til å fordjupe seg vidare i samisk kunstnarleg praksis.

– Eg gler meg til å setje av det komande året til å oppsøkje kunnskap, og knyte tettare band med Sápmi. 

Marja Karlsen Marja Karlsen

Materielle minne og nærleik

Før studenten stiller ut ved Riddu Riđđu-festivalen i midten av juli, ventar avgangsutstilling i mai. Tidlegare i år stilte Karlsen ut prosjektet "Ávnnas Muitá" på Galleri Seilduken på KHiO. “Ávnnas Muitá” er samisk for materialet hugsar, og arbeida tar for seg sjøsamisk veving av greiner og vadmel. I det eine arbeidet har Márjá vevd inn ‘din historie er mitt materiale’ på samisk. Det reflekterer kor viktig historieforteljing er, og plassen kollektiv praksis har i samisk kultur. Til utstillinga skreiv Karlsen:

– Eg skal ta med prosjektet til Riddu Riđđu. Eg har lyst at det skal vere for andre samar, at ein skal kunne skape eit rom kor ein har det hyggeleg og gjer ting saman. Så eg inviterer folk til å stampe vadmel, og fortelje forteljinger.

Marja Karlsen Materialet husker

Márjá Karlsen under førebuing av utstillinga "Ávnnas Muitá" på Galleri Seilduken på KHiO.

Lokal forankring og materialitet er nøkkelement i arbeida til Karlsen. Til utstillinga på Seilduken hadde ho laga både garnet og veven sjølv. Vektene ga forankring til staden der KHiO ligg, ved at ho brukte steinar henta i Akerselva. Ulla Karlsen lagar garn av er nordnorsk, og ho ventar for tida på klipping av ein sau nordpå.

– Veving handlar om å komme heilt tett inn på materialet. Det begynte med at eg sydde kofte, og vevde komagband. Men så har ein jo lyst å lage sitt eige stoff, og kva om stoffet var sånn eller slik. Ein får lyst å lage sitt eiget garn, og det skjer noko heilt magisk når ein spinn sitt eige garn og kjenner korleis fibrane tar i kvarandre. Det er dette ønskje om å kunne komme heilt tett innpå, og lukte sauen. Når du lagar garn til å veve komagbånd, og så kjem det plutseleg ein grastust med. Det er det å komme så tett innpå som ein berre klarar.

– Kva fargar du garnet med?

– Det varierar utfrå sesongen. Klart, litt frustrerande er det når ein står i innspurt til bachelor og skal ha avgangsutstilling, og akkurat fargeemna ein vil ha, dei kjem først i august. Eg gler meg til bjørka slår ut så eg kan begynne å farge med det.

Riddu Riđđu Festivála tar plass i Kåfjord, 13.-17. juli. Les meir om festivalen. Følg Márjá Karlsen på Instagram.