Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 104, Firefox (Android) 101, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 104, Baidu 7.12, Chrome 104, Chrome 103, Chrome 102, Edge 104, Edge 103, Firefox 103, Firefox 102, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.5, Safari/Chrome (iOS) 15.4, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 89, Opera 88, Safari (MacOS) 15.6, Safari (MacOS) 15.5, Samsung 18.0, Samsung 17.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Bilde frå den uformelle utdelinga på KHiO i juni, før sjølve prisutdelinga i København i juli. Julia og klassa hennar blei overraska av Lars Folkestad frå Selfmade, dekan på avdeling design Peter Løchstøer og Julias familie (foreldra var komen heilt frå Tyskland)!
Bilde frå den uformelle utdelinga på KHiO i juni, før sjølve prisutdelinga i København i juli. Julia og klassa hennar blei overraska av Lars Folkestad frå Selfmade, dekan på avdeling design Peter Løchstøer og Julias familie (foreldra var komen heilt frå Tyskland)!

Alt kan bli til noko!

Julia Wilde har vunne 150.000 kroner i STOFF & STIL/Selfmade sin designkonkurranse. Designstudentar frå Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland og Austerrike har konkurrert om å kome opp med det beste mønsterdesignet. 

– Det er heilt utruleg at det vart meg. Eg hadde eigentleg ikkje tid til å delta i konkurransen, men så gjekk eg vidare i dei forskjellige rundane og tenkte at eg burde jo følgje opp. Eg gjorde alt eg kunne og så var det faktisk nok!

Julia Wilde starta nett på andre året på bachelorutdanninga i klede- og kostymedesign, og ideen til vinnardesignet fekk ho under ei av dei første oppgåvene på faget. Mønsteret er lett å dele opp slik at det kan bli sydd av enten stoff-restar, eller ein kan legge til detaljar som gjev plagget eit personleg preg. Designet skal oppmuntre kunden til å blande materialar.

Selfmade prisvinner

– På studiet er det mykje fokus på å bruke heile stoffet og klippe smart. Det er ein del av berekraft-fokuset, som er viktig her på skulen. Eg har kasta alt for mykje stoff opp gjennom, så i skuleoppgåva tenkte eg på å bruke eit stoff som eg tidlegare hadde kjøpt på STOFF & STIL /Selfmade, men som var blitt liggande fordi det var bare ein halv meter med stoff. I kombinasjon med eit anna stoff, vart det eit interessant plagg, og denne tankegangen har eg bygd vidare på i mønsteret mitt.

Akkurat då ho jobba med denne oppgåva vart plakaten for konkurransen til STOFF & STIL /Selfmade hengt opp og studentane vart oppfordra til å søkje.

– Eg har aldri tidlegare konstruert eit mønster heilt på eiga hand, men ville gjerne gje meg sjølv ei utfordring. Så då eg gjekk vidare til andre runde der eg faktisk måtte sy mitt eige design vart eg litt stressa, innrømmer ho og ler godt, medan ho fortel at det vart ein del jobb kombinert med kakeeting i jula.

– Eg var veldig bevisst frå starten at eg ikkje berre skulle lage eit kult design, men at det skal passe til butikken og deira tankegang. Dei er i ferd med å endre litt på profilen, mellom anna ved at dei har endra namn frå STOFF & STIL til Selfmade. Det står også i utlysingsteksta at dei treng dyktige designarar til å stake ut ein god kurs for framtida, gjerne berekraftig. Så eg traff nok noko i tida med prosjektet mitt.

 Julia fortel at turane innom STOFF & STIL /Selfmade alltid har vore eit høgdepunkt og at dei fleste av pengane hennar har hamna der. Erfaringar med å enda opp med for mykje stoff i kombinasjon med budsjetterfaring frå hennar tidlegare jobb som Maskør og parykkmakar på den Norske Opera og Ballet, tok ho også med seg inn i planlegginga av mønsteret.

 – Heile ideen handlar om å inspirere folk til å tenke berekraftig, og sjå på stoff i sortimentet som dei kanskje ikkje elles ville vald. Alt kan bli til noko og alle kan ha det gøy med å få fram sin personlegdom i plagga dei syr.

Selfmade prisvinner

Du har jobba ti år på Den norske opera og ballett, korleis har det seg at du starta på bachelor i klede- og kostymedesign i haust?

 – Det er ein lang historie som startar med bestemora mi. Ho lærte meg mykje om handarbeid.
Julia fortel at ho kjem frå ein liten by i Aust-Tyskland og at ho har vakse opp i ein familie med seks born. Ho er vant til at søskena arva kle frå kvarandre, og ho har gjort om på mange plagg. Som 14 åring var ho innom eit informasjonssenter for yrkesvegleiing saman med klassen.

 – Eg hugsar eg såg ein video om ei som laga ein parykk og tenkte at dette kunne vere noko for meg. Eg likar å sitte å nerde med ting som tek tid, eg har mellom anna lært å lage kniplingar av bestemora mi.

 Det vart til at ho tok Diplomutdanning i Maske- og parykkdesign ved Dresden University of Fine Art. Der vart det også utdanna kostymemakarar, som ho også gjerne ville studere til, men etter fire år med studie og til saman tre år i praksis vart ikkje det aktuelt. Likevel tok ho med seg interessa for faget og då ho fekk barn, kjende ho på at det er no eller aldri, og søkte seg inn på KHiO.

 – Eg ser ikkje for meg at eg vil kunne ta ein master også, så eg prøver å suge til meg mest mogleg som student no. Kostyme var utgangspunktet, men mote er også spanande, og no har eg jo fått ein fantastisk moglegheit til å følgje prosessen med å utvikle idéen min til eit ordentleg mønster saman med designarar og mønsterkonstruktørar frå STOFF & STIL/Selfmade.

 For premiepengane vil ho kjøpe ei elektrisk strikkemaskin, noko ho ikkje ville hatt råd til elles. Med barn er det vanskeleg å ha tid til å jobbe utover kveldane slik dei andre studentane kan, ho har difor laga seg ein verkstad i kjellaren. Nokre av pengane vil gå med til å legge inn straum i verkstaden, og så skal ho spare noko til avgangsprosjektet sitt om to år.

 – Det er nesten ikkje til å tru, verken at eg no studerer på KHiO, eller at eg har vunne konkurransen. Dei rundt meg trudde nesten ikkje lenger på at det ville bli noko av ei slik retning for meg, men likevel har dei heia på meg. Og det er jo veldig rørande for mor mi å tenke at det heile starta med bestemora mi.