Aktivistisk kunst – møt stipendiat Siri Hermansen «live» i NRK
Korleis overlever ein i katastrofebyar som Detroit og Tjernsobyl? Det er noko kunstnar Siri Hermansen forsøker å finne ut av i sine filmar som omhandlar menneskeskapte katastrofar og økonomisk kollaps.
Slik introduserer NRK Kulturhuset stipendiatarbeidet "The economy of survival" til Siri Hermansen.
Høyr NRK Radio Kulturhuset 25.04.2016 – innslag 5 «Aktivistisk kunst»
Siri Hermansen
Siri Hermansen arbeider med film, fotografi og skulpturelle installasjonar med fokus på tilpassing og overlevingsstrategiar på stader som gjennomgår djupe sosiale, politiske eller økonomiske endringsprosessar.
Hermansen var stipendiat i Program for kunstnarleg utviklingsarbeid ved avdeling Kunst og handverk, Kunsthøgskolen i Oslo og forsvarte sitt forskingsarbeid "The economy of survival" i disputas 26.04.2016.